Leiga av torgplass

Retningslinjer for torghandel på «torgplassen» – sesongen 2026

Eidfjord kommune opnar for torghandel på «torgplassen» slik denne er definert i eige kartvedlegg. For sesongen 2026 vil det gjelda særskilde vilkår og avgrensing for drift og aktivitet på området.

Kommunen vil ikkje etablera eller tilby infrastruktur knytt til vatn, straum, sanitære anlegg eller tilsvarande for torghandelen i 2026. Det er difor berre høve til utsal frå mobile salsbord/vogner som ikkje er avhengige av slik infrastruktur for drift.

Mangfald i vareutvalet er viktig for heilskapen på torget. Ved tildeling av plassar vil kommunen leggja vekt på breidde i produktsortiment og variasjon i tilbodet. Lokal verdiskaping og lokal tilknyting vert særskild vektlagt og kan gje høgare prioritet ved vurdering av søknadar.

Torgreglar

1 Tillatte vare- og tenestetypar

  • Torghandelen skal hovudsakleg omfatte sal frå salsbord og salsvogner som tilbyr produkt eller varer som ikkje krev tilgang til vatn, straum eller avfallshandtering utover det seljar sjølv handterer.
  • Det skal leggjast særleg vekt på sal av aktivitetar og tilbod med opplevingsbasert karakter, samt varer som er lokalproduserte og har tydeleg lokal forankring.

2.    Begrensingar for sal av mat og drikke 

Sal eller servering av mat og drikke som føreset tilgang til vatn, straum eller hygienefasilitetar vil ikkje vera tillate på torgplassen i sesongen 2026.

3.    Avfallshandtering 

Seljar har sjølv ansvar for avfallshandtering. Det er ikkje høve til å plassere eigne bosskonteiner eller avfallsbehaldarar på torgplassen, og næringsavfall skal takast med og handterast via verksemda sine eigne ordningar. Ved manglande etterleving kan deltaker miste retten til plass.

Praktisk informasjon om torgplass

  • Torgplass kan nyttast kvar dag mellom kl 08.00- 23.00 alle dagar 
  • Mobil salsvogn kan stå på tildelt torgplass 24 timar i døgnet i leigeperioden. Er det planlagt stengt meir enn ein kvardag eller på laurdag må du likevel flytta vogna
  • Plassar som er tildelt, men som ikkje vert tekne i bruk kan verta tildelt andre
  • Tilsendt leigebevis skal liggja synleg på tildelt plass og gyldig salsløyve
  • Området skal vera ryddig og ikkje til skade for området
  • Det skal ikkje vera motorferdsel på torgarealet i opningstida. Transportmiddel som ikkje direkte vert nytta ved salet, skal ikkje ta opp plass eller verta ståande på utsalsplassen.
  • Avvik frå oppgjeve vare- og aktivitetssortiment i høve til godkjenninga kan medføre bortvising frå torgplassen utan refusjon av eventuelle avgifter.

Torgområde

Prisar

  • Salgsbord
  • Liten plass: under 5 meter
  • Stor plass: over 5 -10 meter
Torgplass
TidSalgsbordLiten plassStor plass
Per månad 10001200
Per veke300700900
Per dag100200300

 Prisane gjeld kun leige av plass på torgplass 

Søknad

Søk om torgplass

Søknad skal innehalda fyljande:

  • Kontaktinformasjon og faktureringsadresse til bedrifta/kontaktperson
  • Organisasjonsnr. for bedrifta
  • Ønska leigeperiode. Torgplass kan bestillast for max 7 månader om gongen frå 1. april til 31. oktober
  • Kva du ynskjer å selja (innanfor noverande reglar) og framvising av gyldig salsløyve
  • Ønska storleik på torgplass

Søknad kan sendast elektronisk eller til postmottak@eidfjord.kommune.no Merk søknaden 25/2406

Frist for innsending av søknad er sett til 15. februar 2026.