Hagelupin

Lupinus polyphyllus

Svært høg risiko, Framandartslista 2018.
Salgsforbod frå 01.01.2016.

Kjenneteikn

Dei høge blomane i mange fargar er eit kjent syn i vegkantar over heile landet.

Trussel

Hagelupin spreiar seg raskt med frø frå hagar, vegkantar og jernbanelinjer der den har blitt sådd. I tillegg til å fortrenge andre artar fører den til auka næringsinnhald i jorda der den etablerer seg. Dette fører til at konkurransesvake artar blir fortrengt av nitrogenkrevjande og meir konkurransesterke artar.

Kva kan du gjere?

Hagelupin har frø som kan overleve i 50 år i jorda. Det viktigaste du kan gjere er derfor å hindre dei i å sette frø. Om det ikkje er snakk om store mengder kan dei lukast eller gravast opp. For større areal anbefalast det å slå to gongar i sesongen, før plantene set blomar.  Dette må følgast opp over mange år.

Les meir om hagelupin

Image