Mink

Neovison vison

Mink vart innført til pelsoppdrett. Tidlegare har det vore lov å innføre mink utan løyve dersom det er til oppdrett (Jf. forskrift om framande organismar, 2016). Men i 2019 kom det er ei lov om forbod mot hald av pelsdyr og næringa skal vere avvikla innan 2025. Det er altså no forbode å drive oppdrett av mink.

Rømde oppdrettsdyr har ført til at arten også har spreidd seg i det fri. Den spreier seg raskt og har negative effektar på eit stort tal artar, også raudlista. Minken lever knytt til vatn og vassdrag i både låglandet og høgt på fjellet. Dette gjenspeglast i observasjonar som er gjort i Eidfjord. Mink er observert både nede ved fjorden og på fjellet både ved Garen, Nybu, Vedal og sør-aust for Hallamyrane. Minken finst truleg langs dei fleste vassdraga i kommunen.