Sitka gran

Picea sitchensis

Sitkagran er den arten som er mest utbreidd av dei framande artane i Noreg. Du treng løyve for å plante sitkagran.


Sitkagranen har i hovudsak vorte planta langs kysten. Den har gode spreiingseigenskapar, og endrar opne område til tett skog. Dei kan presse ut treslag som bjørk og furu, men vil ikkje ha god spreiingsevne i allereie etablert skog. Størst trussel har han mot lyskrevjande artar. Sitkagran har også stor produksjon av barnåler som vil dekke store deler av skogbotnen og etter kvart forsure jordsmonnet. Område med sitkagran vil oppleve reduksjon i tal artar og tettheit av dei som førekjem. Etablering og spreiing av sitkagran er i hovudsak ein trugsel mot naturtypar og landskap. Indirekte er den også ein trugsel for artar.