Verna vassdrag: Veig og Erdalsvassdraget

Norsk vassdragsnatur er mangfoldig og unik i europeisk sammenheng. Siden 1973 er 389 vassdrag vernet i Norge, to av dei ligg i Eidfjord.

Veig og Erdalsvassdraga er verna vassdrag. Veig har vore verna frå 1981 og er verna til utlaupet i Eidfjordvatnet. Erdalsvassdraget har vore verna frå 1993. Dei er begge verna mot kraftutbygging, men det vert også ei form for landskapsvern gjennom at det er deira landskapsmessige verdi og biologiske mangfald som skal bevarast. Begge vassdraga ligg i både Eidfjord og Ullensvang kommunar og bevegar seg frå høgfjellet medviddelandskap til fjord- og dallandskapet i låglandet.

Erdalsvassdraget er verna basert på den heilheita det utgjer saman med nærliggande vassdrag og Hardangervidda. Vassdraga dannar til saman eit område som er lite råka ved, og som strekk seg frå fjord til fjell. Både Veig og Erdalsvassdraget ligg innanfor område med lange tradisjonar og interessant kulturhistorie.

Veig er også ein del av Eidfjordvassdraget, men er den einaste verna delen. Veig har har fleire flotte fossar, der Valurfossen kanskje er den flottaste med eit fall på 300 meter utfor eit loddrett stup, og står som ein markør på overgangen mellom dei ulike landformane.

 

Les meir om verna vassdrag i Noreg.