Klage på vedtak

Fristen for å klaga er tre veker frå du mottar vedtaksbrevet.

  • Klagen må vera skriftleg der du gjer greie for kva du klagar på
  • Du må grunngje klagen
  • Du må nemna endringa du ynskjer
  • Klagen må vera postlagt før fristen går ut

Dersom klagen gjev grunn til det, kan kommunen oppheva eller endra vedtaket det vert klaga på. Viss dette ikkje skjer, sender kommunen saka til Fylkesmannen i Hordaland, som er klageorgan i byggjesaker.  Fylkesmannen fattar endeleg avgjerd som ikkje kan påklagast.

Reglane om klage finn du i plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kapittel VI, §§ 28 – 36

Klagen skal sendast til:

Eidfjord kommune 
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

eller per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no

Hugs å merka konvolutten/e-posten med riktig eining og/eller sakshandsamar.