Oppskrift for situasjonsplan

Oppskrift for situasjonsplan

Situasjonsplanen må innehalda fylgjande informasjon:

    • Tiltakets plassering
      Plassering av tiltaket må gå tydeleg fram av situasjonskartet. De kan gjerne nytta koordinater for plassering av tiltaket. Koordinatsystem må då framgå. For bygningar kan de oppgje kortaste avstand frå veggliv til tomtegrense på alle sider. Avstand frå tiltaket til midtlinja i veg og næraste bygning kan vera relevant

    • Målestokk
      Kartet må vera i målestokk. Det er viktig at tiltaket kjem tydeleg fram i situasjonsplanen. Ofte er 1:250 eller 1:500 illustrativt. Merk at når du skriv ut kartet, må du skriva ut faktisk størrelse slik at målestokken vert korrekt.

    • Gjeldande planstatus
      Situasjonsplanen må innehalda utsnitt frå gjeldande planstatus, enten reguleringsplan eller kommuneplan.

    • Rutenett
      Kartet må visa minst ei heilt rute, slik at me enkelt kan plassera tiltaket. Dersom du nyttar kartløysinga til kommunen, må du hugse å huke av for rutenett før utskrift.

    • VA-situasjon
      Eksisterande og/eller planlagt VA-situasjonen for tomta og/eller VA-tiltaket må framgå. Du må oppgje informasjon om dimensjonar, tilkoplingspunkt/anboringspunkt, stoppekran og trase.

    • Høgdekotar
      Høgdekotar må visast i kartet.

    Du kan bestilla situasjonplan hjå kommunen, eller du kan skriva ut situasjonsplan sjølv frå kartløysinga til kommunen:

    Lag situasjonsplan

    Hugs at du kan slå av/på kartlag i menyen i kartløysinga.