Reglar for tildeling av kommunal bustadtomt

Søk på kommunal bustadtomt

1. Avgjerd etter desse reglar

1.1 Desse reglane gjeld for tildeling av kommunale bustadtomter der søkjar er privat person. Rådmannen får fullmakt til avgjerd etter desse reglane. Vedtak skal leggjast fram for formannskapet som melding. Formannskapet er klageorgan (jfr. fvl. §28).

1.2 I saker der søkjar er firma eller anna organisasjon, får formannskapet fullmakt til å ta avgjerd fristilt frå desse reglane. Kommunestyre er klageorgan (jfr. fvl. §28).

1.3 I saker der både private og firma/organisasjon er søkjar til same tomt, får formannskapet fullmakt til å ta avgjerd. Kommunestyre er klageorgan (jfr. fvl §28).

2. Generelle reglar

2.1 Ektefelle og sambuarar vert å rekna som ein søkjar.

2.2 Kvar søkjar kan berre ha/få tildelt ei ubygd tomt.

2.3 Søkjar kan av medisinske årsaker verta prioritert i tildeling av tomter.

2.4 Tildelte tomter kan berre nyttast til oppføring av heilårsbustad for søkjaren og deira husstand.

2.5 Søkjar av kommunal bustadtomt må vera fylt 18 år på søknadstidspunktet.

2.6 Kommunen har forkjøpsrett/tilbakekjøpsrett på ubygde tomter. Tilbakebetaling av tomtekostnader skjer utan indeksregulering og rentekompensasjon.

2.7 Generelle reglar for tildeling av kommunale bustadtomter kan etter særskild grunngjeven søknad avvikast. Formannskapet får fullmakt til å ta avgjerd i slike saker.

3. Tomter i nye kommunale bustadfelt

3.1 Tomter i nye bustadfelt skal lysast for sal. Lysing skal gjennomførast via kommunen sine heimesider og i lokal avis.

3.2 Avgjerd om heile eller deler av bustadfeltet skal lysast for sal samstundes, vert delegert til rådmannen.

3.3 Berre byggjeklare tomter kan lysast for sal. Med byggjeklare tomter meinast;

  • Framføring av veg, vatn og avløp skal vera fullført.
  • Tomtene skal ha fullført oppmålingsforretning og matrikkelføring.

3.4 Eigne reglar for tildeling av tomter i nye kommunale bustadfelt vert utarbeida for kvart nytt bustadfelt. Desse reglane skal mellom anna innehalda, søknadsfristar, søknadsprosedyre og prioritering av søknader. Rådmannen får fullmakt til å utarbeida slike reglar innan råmene av generelle reglar for tildeling av kommunale bustadtomter.

3.5 Tomter som ikkje er tildelt etter fyrste gongs lysing, vert vidare å handsama etter reglane i punkt 4.

4. Tomter i eksisterande bustadfelt

4.1 Ledige tomter i eksisterande bustadfelt skal til ei kvar tid liggja ute for sal på kommunen sine heimesider. Dersom formannskapet finn det hensiktsmessig kan dei velja å halde att tomter.

4.2 Søknad på tomter i eksisterande bustadfelt kan sendast kommunen fortløpande. Fast søknadsfrist vert sett til den siste dag i kvar månad. Tomtene vert tildelt søkjar i starten av påfylgjande månad. Er det fleire søkarar til same tomt, vert tildelinga avgjort ved trekning.

5. Pris

5.1 Tomter vert tildelt i samsvar med gjeldande prisar fastsett av kommunestyret. Prisliste ligg tilgjengeleg på kommunen sine heimesider.

5.2 For tomter som er gratis skal det likevel betalast eit depositum tilsvarande kr. 50 000,-. Innbetalt depositum vert etter søknad attendebetalt når det ligg føre ferdigattest.

5.3 I tillegg til tomtepris/depositum kjem kostnader med oppretting av tomt, tinglysing av skøyte og dokumentavgift.

6. Frist

6.1 Avtale om kjøp av eigedom må vera underskriven innan 2 månader frå tildelinga. Faktura på pris/depositum og omkostningar for tomta vert sendt ut etter underskriven avtale. Eigen dato for innbetaling er gitt på faktura. Skøyte vert sendt til tinglysing etter at faktura er betalt.

6.2 Byggjearbeid på tomta må vera sett i gang innan 2 år frå dato for underskriven kjøpekontrakt.

7. Gyldigheit

7.1 Desse reglane gjeld frå vedtaksdato 15.02.2010 og fram til kommunestyret har gjort nytt vedtak.