Endeleg rasrapport Tussafoten

Endeleg rasrapport Tussafoten

Medio mars 2022 fekk Eidfjord kommune tilsendt den endelege rapporten om Tussafoten frå NVE. Tussafoten er under kontinuerleg overvaking. 

Den 15. mars 2022 fekk Eidfjord kommune endeleg rapport frå NVE knytt til fare- og risikoklassifisering av Tussafoten. Tussafoten vert klasifisert som eit høgrisiko-objekt som må overvakast kontinuerleg. Instrumentering for overvakinga vert ferdigstilt haust 2022.

Faresonene definert av NVE må hensyntas i arealplanleggingen for det råka området. Kommunen vert og nødt til å utarbeida nausynt planverk for beredskap ved auke i bevegelse i fjellpartiet.

Tussafoten har vorte periodisk overvåka av Norges geologiske undersøkelse siden 2017, men vil frå haust 2022 verta døgnkontinuerleg overvaka gjennom fleire redundante instrumentar.

Konsekvensen av utrasing av Tussafoten vil verta direktetreff av massar på bebyggelse i Øvre Eidfjord, nedstrums vassauke som fylgje av massetreff i Eidfjordvatnet og oppstrums oppdemming av Bjoreio.

NVE si pressemelding knytt til Tussafoten kan du lesa her: NVE har startet kontinuerlig overvåkning av fjellpartiene Stiksmoen og Tussafoten - NVE

Anna relevant informsajon knytt til Tussafoten:

Infoskriv frå NVE - Informasjon om fare- og risikoklassifisering av Tussafoten, Eidfjord kommune (PDF, 4 MB)

Endeleg rapport - Flodbølger etter skred fra Tussafoten, Eidfjord kommune (PDF, 4 MB)

Testkart faresone Tussafoten - faresonekart frå nve

Faresonekart - Kommunekart

Slik vert fare- og risikoklassifiseringen gjort av NGU - les NGU rapport (engelsk)

NGU rapport 2022.026 Geologisk modell og fare- og risikoklassifisering av det ustabile fjellpartiet Tussafoten i Eidfjord, Vestland (PDF, 20 MB)

NGU sin 3D webvisning av fjellpartiet