Mellombels aktsemdsområde

I samband med folkemøtet knytt til Turtnalinuten/Tussafoten og etablering av rørslemålingar i området, har NVE laga eit mellombels aktsemdsområde.

Informasjonsmøtet

I etterkant av informasjonsmøte med innbyggarane i Øvre Eidfjord og Eidfjord kommune den 21/9-20 var det ønskjeleg med eit mellombels aktsemdsområde for fjellskred frå Tussafoten i Øvre Eidfjord. På informasjonsmøtet vart resultat frå rørslemålingar og vidare oppfølging av det ustabile området presentert.

Mellombels aktsamsområde

I påvente av at ei endeleg fare- og risikoklassifisering ligg føre har NVE og NGU sett på ein utløpsmodell for området, og teke utgangspunkt i denne for å laga eit mellombels aktsemdsområde.

Det er knytt uvisse til utløpsområdet, spesielt til det totale volumet og kor stort volum som vil gå ut i Eidfjordvatnet. Sekundærvirkning av eit stort volum i vatnet er flodbølger inn mot Øvre Eidfjord. Samtidig er det alltid usikre moment knytt til eit modelleringsverktøy. Dette er viktige moment me tek med oss i den vidare utarbeidinga av fare- og risikoklassifiseringa av Tussafoten.

Modelleringsverktøy

I det vidare arbeidet vil det verta brukt fleire ulike modelleringsverktøy for å redusera uvissa i utløpsrekkevidda for eit skred. Dette vil vera grunnlaget for den endelege fare- og risikoklassifiseringa. Dette håpar me vil vera på plass til nyttår (2020).

Synfaring

NVE og NGU vil også ha ei felles synfaring i Øvre Eidfjord i oktober der mellom anna utløpsområdet vil verta diskutert. Det vedlagte aktsemdsområdet dekker store deler av Øvre Eidfjord, og er eit maksimumsscenario der heile det aktive området Tussafoten rasar ut. Det er derfor forventa at fareområdet vert mindre i den endelege faresoneringa.

Mellombels aktsemdsområde - kart (PDF, 427 kB)

Spørsmål

Eventuelle spørsmål kan rettast til: postmottak@eidfjord.kommune.no