Barnas talsperson i plan- og byggjesakerBarnas talsperson skal bidra til at barn og unge sine interesser skal verta betre synleggjort og vareteke i all plan- og byggjesakshandsaming etter lova. Representanten skal ha fokus på trygge og gode oppvekstvilkår, samt sikra områder som gjer grunnlag for god helsa. Publisert 04.10.2023 11:06 Sist endra 13.05.2025 10:21 Gjennom planlegging og utbygging skjer det endringar i nærområdet som påverkar tilgangen på areal rundt oss. Barn og unge er gruppa i befolkninga som nyttar uteareala mest, for dei har nærmiljøet stor betydning. Lovheimel for Barnas talsperson Rikspolitiske retningsliner for å styrka born og unge sine interesser i planlegginga vart vedteke i statsråd 1. september 1989. Retningslinene legg føringar for korleis barn og unge skal ivaretakast i planlegginga. Desse har vorte vidare forankra i plan- og bygningslova gjennom §3-3 tredje ledd som legg føringar for at kommunestyret skal sørga for å etablera ein særskilt ordning for å ivaretaka barn og unges interesser i planlegginga. Funksjon Barnas talsperson skal delta aktivt i plan- og byggjesaker som gjer verknader for barn og unge. Representanten kan gje innspel og uttaler til pågåande prosessar på byggjesaker, reguleringsplanar og overordna planarbeid. Barnas talsperson kan delta i møter med administrasjonen i kommunen, samt i politiske møter som formannskaps- og kommunestyremøter. Ta kontakt Anja Helene Bergo er for tida i permisjon. Det er difor Liv Kristoffersen som er fungerande talspersonInstruksTil rolla er det nedsett ein instruks for arbeidet. Instruksen tek føre seg elementer som Barnas talsperson kan/bør uttala seg kring.Instruks Barnas talsperson (PDF, 156 kB)