Endring av reguleringsplan for Garen er vedteken

Eidfjord formannskap har vedteke ei endring av reguleringsplanen for Garen etter forenkla prosess. Her finn du informasjon om vedtaket, kor du kan lesa plandokumenta og korleis du kan klaga.

Kva er vedteke?

Eidfjord formannskap vedtok 7. september 2026 ei endring av reguleringsplanen for Garen (planid: 2005011). Endringa er vedteken med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 om endring av reguleringsplan etter forenkla prosess.

Kva går endringa ut på?

Endringa omfattar om lag 60 m² areal som er omregulert frå friluftsføremål til bustadføremål.

Sjå plandokumenta

Du finn alle plandokumenta på arealplaner.no.

Lenkje: Sjå plandokument for reguleringsplan Garen på arealplaner.no

Du kan klaga på vedtaket

Dersom du meiner vedtaket er feil eller får konsekvensar for deg, kan du klaga på det. Fristen for å klaga er tre veker frå kunngjering av vedtaket, jf. forvaltningslova § 29. Når du sender klage, må du merka ho med: Sak 26/792

Slik sender du klage

På e-post

postmottak@eidfjord.kommune.no

Per post

Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Neste steg

  • Les plandokumenta på arealplaner.no.
  • Vurder om vedtaket påverkar deg.
  • Send eventuell klage innan fristen på tre veker.