Melding om vedtak: Endring av reguleringsplan Garen

Eidfjord formannskap vedtok 07.09.2026 ei endring av reguleringsplan Garen (planid: 2005011). Endringa er vedteken etter forenkla prosess etter plan- og bygningslova.

Kva er vedteke?

  • Endringa gjeld eigedomen gnr/bnr 18/200.
  • Det vedtekne planendringa opnar for at eigedomen kan delast i to sjølvstendige eigedommar.
  • Vedtaket vart gjort av Eidfjord formannskap 07.09.2026 i sak 26/102.

Sjå plandokumenta

Du finn plandokumenta på arealplaner.no.

Lenkje: Plandokument for reguleringsplan Garen (planid: 2005011)

Du kan klaga på vedtaket

Dersom vedtaket gjeld deg eller påverkar interessene dine, kan du klaga på vedtaket etter plan- og bygningslova § 1-9.

Klagefrist

Fristen for å klaga er tre veker frå kunngjeringa av vedtaket, jf. forvaltningslova § 29.

Slik sender du klage

Merk klaga med sak 26/1098.

Du kan senda klaga på e-post til: postmottak@eidfjord.kommune.no

per post til:

Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Neste steg

Dersom du ønskjer å setja deg inn i saka, kan du lesa plandokumenta på arealplaner.no.