VM fotball
Det norske herrelandslaget i fotball har for fyrste gong på 28 år kvalifisert seg til VM. Meisterskapet vert avvikla i USA, Canada og Mexico i perioden 11. juni til 19. juli 2026. På grunn av tidsforskjellen vil enkelte av kampane verta sendt på tidspunkt utover alkohollova si maksimaltid for skjenking.
Mellombels unntak
For at det skal vera mogleg å fortsatt skjenka alkohol medan kampane pågår, foreslår Helse og omsorgsdepartementet i høyringsnotat av 30. januar 2026 med høyringsfrist 13. mars 2026, mellombels unntak frå alkohollova si makstid for skjenking.
Departementet oppmodar kommunane å ikkje avventa Stortinget si behandling av lovframlegget, men behandla nødvendige lokale endringar, med atterhald om at den føreslegne lovendringa vert vedteke.
Eidfjord kommunestyre vedtok i møte 09. mars 2026 å leggja mellombels endring av forskrift for servering, sal og skjenking av alkoholhadig drikk – Eidfjord kommune, i samband med fotball-VM for herrer 2026 ut på høyring.
Framlegg
Framlegg til mellombels endring i forskrifta:
I forskrift for servering, sal og skjenking av alkoholhaldig drikk, Eidfjord kommune, vert maksimaltida og forbodet jf. §§ 2-3 a), 2-4 a) og 4-2 a) for skjenking av alkoholgruppe 1 og 2, endra generelt for kommunen i tråd med føreslege lovendring frå Helse og omsorgsdepartementet under fotball VM for herrar 2026, med atterhald om at den føreslegne lovendringa vert vedteke. Avvikande skjenketider gjeld berre for skjenkestader som viser direktesendte kamper i fotball-VM for herrer 2026 for stedets gjester.
Høyringsfrist
Høyringsfristen er sett til 24.04.26
Høyring gjer at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få sei si meining, og kunna ha kontroll med kva kommunen gjer, og korleis den utfører oppgåvene sine.
Etter høyringsfrista vil sak om godkjenning av den mellombelse endringa i forskrifta bli lagt fram for kommunestyre for endeleg vedtak.
Innspel
Innspel skal sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no eller i brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord innan høyringfristen.
Vedlegg