Eidfjord kommune sender forslag til ny lokal forskrift om skulerute for grunnskulen på høyring.
Forslaget går ut på å innføra ei generell forskrift som fastset overordna rammer for skuleruta, som tal skuledagar, plassering av feriar og planleggingsdagar. Deretter skal administrasjonen fastsetja dei konkrete datoane for kvart skuleår innanfor desse rammene, i staden for at kommunestyret vedtek skuleruta kvart år.
Målet er å få ein meir effektiv prosess, samstundes som kommunestyret framleis styrer dei overordna prinsippa. Etter høyringa vil eventuelle merknader verta vurderte før saka vert lagd fram for kommunestyret 14. desember 2026 til endeleg vedtak.