Vedtak av reguleringsplan for ny Erdal bru

Melding om vedtak av reguleringsplan for ny Erdal bru rv. 7 (planid: 2025001)
 

Kva er vedteke?

Med heimel i pbl. § 12-12 vart reguleringsplan for ny Erdal bru rv. 7 (planid: 2025001) vedteken i Eidfjord kommunestyre 02.11.2026, sak 26/102.

Kva planen legg til rette for

Reguleringsplanen legg til rette for ny Erdal bru i eksisterande trasé. I samband med bygging av ny bru vert brua regulert med større ljosopning for å tola framtidige flaumhendingar.

Sjå plandokumenta

Plandokumenta er tilgjengeleg på arealplaner.no 

Slik klagar du på vedtaket

Du har rett til å klaga på vedtaket jf. pbl. § 1-9. Frist for å klaga på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til tre (3) veker. Eventuelle klager skal merkast med sak 25/568. Klager skal sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.