Kunnskapsgrunnlag planstrategi 2024-2027

Planstrategien skal utarbeidast på grunnlag av lokale forhold, kombinert med regionale og nasjonale føringar for planlegging. 

For å avgjera kva planar det er behov for, eventuelt om gjeldande planar bør reviderast, skal ein nytta eit kunnskapsgrunnlag å vurdera etter. Kunnskapsgrunnlaget for planstrategien skal syna utviklingstrekk og utfordringar for kommunen som samfunn og organisasjon. Styringsgruppa for kommunal planstrategi har saman med administrasjonen utforma eit kunnskapsgrunnlag for kommunen, som skal ligga til grunn for vurderinga av planbehov.

Som kunnskapsgrunnlag har Eidfjord kommune lagt til grunn ei samanstilling av fleire tema gjennom Kunnskapsgrunnlag planstrategi 2024-2027 og folkehelseoversikta for Eidfjord kommune. 

Kunnskapsgrunnlag planstrategi 2024-2027

Kunnskapsgrunnlaget for planstrategi 2024-2027 i sin heilskap:

Kunnskapsgrunnlag planstrategi 2024-2027 (PDF, 350 kB)

Uttrekk frå kunnskapsgrunnlaget

Kunnskapsgrunnlaget tek føre seg nasjonale forventningar til den regionale og kommunale planlegginga. Frå statlege mynder er det framlagt Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for tidshorisont 2023-2027. Det er ein felles målsetnad å leggja til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn på tvers av Noreg. Kommunen sin politikk skal vera i tråd med denne, og innsats er avgjerande for at Noreg som heilskap skal lykkast i å realisera ein berekraftig samfunnsutvikling.

Kunnskapsgrunnlaget syner til Vestland fylkeskommune sitt arbeid om “Scenario Vestland 2040”. Scenario Vestland speilar dei verkeleg store utfordringane for Vestland fylke, med tidsperspektiv 2040. Desse scenarioa sett utvikling i ein bestemt retning på spissen, og skal gje tankevekkara for val ein gjer. Tilhøva i Eidfjord gjer at fleire problemstillingar er relevante; me omgjer oss med skred, ras og flaumhendingar. Me bur i eit stabilt samfunn med god infrastruktur og gode offentlege tilbod. Me opplever fråflytting og auka press i eldreomsorgen. Me har store konkurransefortrinn på grøn energi, etablering av ny næring og arbeidsplassar.

Eidfjord kommune er ein kommune med lågt folketal, noko som har konsekvens for tilgjengeleg statistikk for kommunen sitt verkeområde. Utviklingsplanen for Vestland
gjer statistikk for Indre Hardanger, som omfattar Eidfjord og Ullensvang. Ein legg regionsstatistikk til grunn for utviklingstrekk i Eidfjord. Kunnskapsgrunnlaget peikar på utfordringar knytt til endra demografi, mangel på arbeidskraft og fråflytting frå bygdene som utfordringar for distrikt-Noreg. Arbeidsmarknaden i Eidfjord er prega av offentlege tenester, kraftproduksjon og tenester knytt til reiselivet. Indre Hardanger har generelt ein låg tilvekst av private tenester og offentlege arbeidsplassar. Eidfjord som stad er ein turistdestinasjon for folk frå inn- og utland. Kommunen har ei veletablert turistnæring, som i større grad må tilpassa seg krav for ein berekraftig destinasjon. Kommunen har igangsett arbeider for å auka kunnskapen kring besøksnæringa si påverknad på lokalsamfunnet på fleire nivå. Arbeidet fordrar at ein tek kunnskapsgrunnlaga vidare i ein plan for berekraftig besøksforvaltning.

Klimapåverknaden i regionen er høg; ein må redusera utslepp av klimagassar, unngå nedbygging av sårbart areal og sikra bebyggelse mot eit endra klima. Eidfjord har hovudveg gjennom kommunen, samt cruiseanløp som bidrar til lokalt utslepp. Lokale strategiske val knytt til elektrifiseringa vil gjera kommunen grønare. Eidfjord er ein fritidsbustadkommune, i ljos av justerte nasjonale føringar for fritidsbebyggelse må ein for ny arealbruk ta beviste val knytt til nedbygging og bruk av natur. Endringar i klima- og naturtilhøva påverkar eksisterande bebyggelse, og planlegging av ny bebyggelse.

Folkehelseoversikta for Eidfjord kommune 2024-2027

Folkehelseoversikta for Eidfjord kommune 2024-2027 i sin heilskap:

Folkehelseoversikt Eidfjord kommune 2024-2027 (PDF, 2 MB)

Uttrekk frå folkehelseoversikta

Etter folkehelselova §5 skal kommunen ha oversikt over helsetilstanden i kommunen, og positive og negative faktorar som kan verke inn på denne. Ansvaret for folkehelsearbeidet vert lagt til kommunen framfor til kommunen si helseteneste. Kommunen skal i folkehelsearbeidet bruke alle sine sektorar for å fremme folkehelse, og ikkje berre helsesektoren. Folkehelsearbeidet dreier seg om å skape gode levekår, førebyggja sjukdom, forhindre skadar, og utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevanar.

Føremålet med oversikta er å identifisera folkehelseutfordringar i kommunen og gje ei fagleg prioritering av kva utfordringar som er viktige for kommunen å ta tak i. Folkehelseoversikta er eit kunnskapsgrunnlaget for lokal samfunnsutvikling, og legg soleis føringar for prioriteringar i kommunen. Oversikta omfattar kunnskap om helsetilstanden i kommunens befolkning og faktorane som påverkar denne. Oversikta er del av kommunen sitt kunnskapsgrunnlag i arbeidet med planstrategi, oversikta ligg vedlagt saksdokumentet.

Folkehelseoversikta syner at folketalsutviklinga i kommunen er relativt stabil. Innbyggjarane har gode levekår, lett tilgjengelig natur- og turområder og eit variert frivillig organisasjonsliv. Barn- og unge har gode oppvekstvilkår, og det er lite førekomst av rus blant ungdommar.

Oversikta syner utfordringar som generelt i Norge; det blir fleire eldre og pleietrengande. Innbyggjarane slit med det same som øvrig Norge når det gjeld psykiske og fysiske lidelsar. Det er avgrensa tilgang på heilårsarbeidsplassar, samt er det auka fråflytting frå distrikta. Den miljømessige statistikken knytt til støy, radon og andre ytre påverknader bør aukast.