Høyringsmøter kommuneplanen sin arealdel 2025-2035

I tråd med vedtak 25/021 i Eidfjord formannskap vert forslag til kommuneplanen sin arealdel for Eidfjord kommune 2025-2035 lagt på høyring og til offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova §11-14. I samband med høyring til kommuneplanen sin arealdel vert det arrangert høyringsmøter for å orientera om planen.

Målsetnaden med høyringsmøtene er å orientera om verknaden av kommuneplanen og kva endringer som er førespegla. Innhaldet i møtene vil verta det sama på alle stadene, dog med eit naturleg fokus på grenda. Det vil vera høve til å stilla spørsmål til arbeidet og drøfta tematikk.

Agenda:

  • Kva er ein kommuneplan, og korleis er den bygd opp?
  • Forslag til arealbruk i kommunen, gjennomgang av plankart
  • Spørsmål til planen
  • Gi merknad/innspel

Høyringsmøte Eidfjord

Mandag 7. april kl. 18:00-20:00
Stad: kultursalen, Vøringfoss hotell

Høyringsmøte Bu

Tirsdag 8. april kl. 18:00-20:00
Stad: Bu grendahus

Høyringsmøte Øvre Eidfjord

Onsdag 9. april kl. 18:00-20:00
Stad: Hardangerviddahallen, Norsk natursenter

Høyringsmøte Sysendalen

Fredag 2. mai kl. 16:00-18:00
Stad: Sysendalen skisenter

Innspel til planforslaget

Fullstendig planforslaget, samt dokumentasjon frå prosessen ligg tilgjengeleg på arealplaner.no
Kart kan sjåast digitalt i kommunen si kartløysing.

Kommuneplanen sin arealdel skal ligga på hørings i 8 veker. Det vil vera mogleg for innbyggjarar, interessentar og mynder å komma med merknader eller innspel til planen. Innspel og merknader til planen kan formidlast via:

Ved innspel via e-post eller post ber me om at forsendelsen vert merka med sak 24/1064.

Frist for å gje innspel og merknader til planen er 18.05.2025.

Innkomne merknader vil verta gjennomgått. Eventuelle nye innspel som kjem, vil etter frista verta vurdert etter same konsekvensutredning- og risiko- og sårbarheits-metodikk som innspela frå starten av prosessen. Den politiske styringsgruppa vil vera aktiv i prosessen med vurdering av innspela. Innspela vil på lik lina som innspel i første runde, verta vedtekne av formannskapet om dei skal arbeidast vidare med eller ikkje.