Visuelle kartløysinger
Til planforslaget har Vestland fylkeskommune laga eit arealrekneskap og visuell teneste kor ein kan sjå skilnaden frå gjeldande kommuneplan og forslag til ny kommuneplan. Vidare har Vestland fylkeskommune laga ei kartløysing kor ein kan sjå bebygd/ubebygd reguleringsplan opp mot kommuneplan.
Bu
Området Ytre Bu er nytt i Eidfjord kommune sin kommuneplan grunna grensejusteringa i 2022. Området Ytre Bu er regulert i tråd med gjeldande reguleringsplanar frå Ullensvang herad og supplert med LNFR. Brimnes har ein valt å regulera inn eksisterande ferjekai og Statens vegvesen sin kontrollstasjon.
Eidfjord
I plankartet for Lægreid ha ein trekt opp eit hovudføremål som speglar gjeldande områdeplan. Området er lagt som sentrumsføremål (SF2) for å stetta dei varierte tenestene ein har i området; bustad, offentleg tenesteyting og næring.
I forlengelse av småbåthamna, har ein lagt inn ei utfylling av landareal (SH2, SH4) for å kopla småbåthamna og Menes saman. Dette vil gje ei betre utnytting av området, og gje større moglegheiter for håndtera ferdsel til sjøs via tildømes eit kaianlegg.
I hamneområdet er det valt å redusera ankringsområdet utanføre cruisekaien (HOS). Reduksjonen er gjort etter politisk ynskje om å unngå skip ved kai og skip på anker samstundes.
I Hereidsvika har ein valt å legga inn ei utviding av bustadføremål (B5) langs sjøpromenaden. Dette er forutsett ei utfylling i sjø og justering av fv. 5096 forbi området. Føremålet med området er å tilretteleggja for bebyggelse i mindre einingar, samstundes som ein ivaretek koblinga mot fjorden. Det er ynskjeleg med offentleg tilgjengeleg strandsone i framkant av eventuell bebyggelse.
Det er i området rundt Tråa valt å legga inn eit areal for LNFR spriedd bustad (LSB10). Føremålet er å tillata noko speidd utbygging etter kommuneplan kring eksisterande bebyggelse. I føresegna er det definert kva tilvekst av bustader som kan komma i planperioden.
I gjeldande kommuneplan er det lagt inn eit framtidig bustadområde i forlengelsen av Steinbrotet. I forslaget er det valt å ta denne ut, då området vil vera utfordrande å bebygga grunna kostnader ved tomtearrondering, restriksjonar ved naturfare og landskapsverknader.
I munningene ved Ostangen og Soget er det lagt inn ei samferdselslina for gang- og sykkelvegbru for å kopla områda på kvar sida av elva. Målsetnaden er å tilrettelegga for ei betre kanalisering av turistar, og gje betre gangmoglegheiter for innbyggjarane. Lina vil vera rettleiande for plassering. Det vil verta krav om detaljregulering ved tiltak for å avklara koblingspunkta.
Simadal
Plankartet for Simadal syner ei endring i næringsområder (NÆ4). Det er lagt til ei utviding av næringsområdet ved kaien som strekk seg i austleg retning mot området for masseuttak.
Område for motorcrossbane på Medhus er tatt ut, og regulert attende til LNFR.
Området til Statkraft og Statnett er justert i utforming og samla under eit føremål (ABA47). ABA-føremål finn ein igjen fleire stader i plankartet ettersom ein i samarbeid med Statkraft har valt å regulera inn installasjoner knytt til drift av kraftverket.
Øvre Eidfjord
Plankartet for Øvre Eidfjord syner ei endring i områder for spreidd bustad (LSB). Med eit ynskje om å tillata noko speidd utbygging etter kommuneplan, har ein valt å leggja inn LNFR spreidd bustad kring eksisterande bebyggelse. Områda med spreidd bustad er lokalisert langs veg og eksisterande bebyggelse. I føresegna er det definert kva tilvekst av bustader som kan komma i planperioden.
Det er lagt inn eit område for kombinert verksemd (KBA3). Det har vore ein måletnad å tilrettelegga for eit område for tungbilstopp og område for eventuell ny miljøstasjon. Plassering av desse tenestene må vera i nærleik av eksisterande vegnett og nært eksisterande tenesteyting.
Ved Norsk Natursenter det det i sørleg retning teke ut eit område regulert til offentleg tenesteyting. Området var regulert inn i Steinberg og over dyrka mark. Området er regulert attende til LNFR.
Staupo er eit masseførande vassdrag, i den forbindelse er det valt å legga området inn som eit masseuttak (RU1) for å lovleg kunna ta ut masser i området.
På Hjølmoberget har ein valt å regulera inn eksisterande parkeringsareal, inkludert ei mindre utviding (P2). Dette er gjort for å setta dagens bruk av område til ferdsel og landbruksdrift.
I Måbødalen er det valt å leggja ei omsynssona for bevaring av kulturmiljø kring “gamlevegen”. Sona går fra Måbø gard til Fossatromma. Vegen er ikkje formelt verna, med eit viktig element i Måbødalen som ein ynskjer å taka vare på.
Sysendalen
Plankartet for Sysendalen syner ei utviding i fritidsbustadfeltet Solbakken (FB15) og ei endring av avsett område til fritidsbustad på Gardsmyrane (FB21. 24). Endringene skjer etter innspel nr. 31 og innspel nr. 45. Yttlegare er det gjort ei justering av avsette områder i Storlia til fritidsbustadbebyggelse (FB47, 50). I området ved Storlia er det tatt ut noko områder for fritidsbebyggelse som er lagt attende til LNFR.
Ved golfbanen på Fet er det etter innspel nr. 92 valt å regulera inn eit område for kombinert bebyggelse til fritidsbustad og næringsverksemd (KBA13). På Garen, nord for rv.7, er det etter innspel nr. 73 lagt inn eit område for kombinert bebyggelse bustad, fritidsbustad og næring.
I tråd med reguleringsplan for reinseanlegg for Sysendalen, er dette trekt opp i kommuneplanen (ABA39). I Tverrlia er det lagt inn eit idrettsområde (IDR10) til bruk som alpin- og langrennstrase. Denne kopler seg på eksisterande område for skiaktivitet på Maurset (IDR7, IDR8, IDR9).
Kring Sysendammen og opp i Storlia er eksisterande kraftverksinstallasjoner regulert inn i kommuneplan. Dette gjeld kraftverket Leiro (ABA25) under Sysendammen, kraftverket i Storlia (ABA42), sperredammen i Bjoreio (ABA43) og inntaket til Storlia kraftverk (ABA44). Det er gjort ei justering av regulert kraftverk fra gjeldande kommuneplan attende til LNFR.
I Isdal er eksisterande parkeringsplass (P6) i Kleivane regulert inn, som forlengelse av den kommunale vegen. Det er valt å regulera inn parkeringsplassen for å sikra ein god utferdspost til områder som er mindre råka av problemstillinga knytt til villrein på Hardangervidda.
Dyranut-Halne
I fjellområdet er det lagt inn ei framtidig samferdselslina for Dyranuttunnel etter Statens vegvesen si konsekvensutredning. Lina opnar for moglegheita til å starta eit reguleringsplanarbeid i tråd med kommuneplanen sin arealdel. Detaljreguleringa skal syna konkret plassering. Samferdselslina vil vera rettleiande i høve dagens diskurs om lang Dyranuttunnel.
For næringsverksemden knytt til Dyranut og Halne er det lagt inn LNFR spreidd næring (LSN2, LSN3) for å setta opp under ei drift av byggene og ei utviding ved behov. Reguleringsplanen for Halne brygge er trekt opp som anna bygg og anleggsføremålet (ABA) i tråd med bruken som naust/brygge og parkeringsareal. Området er lagt under omsynssone 910_1 kor reguleringsplanen skal fortsetta å gjelda, og ved motstrid skal kommuneplanen sin arealdel gå foran.
Restriksjonsområder i plankartet
Plankartet syner følgende faresoner, sikringssoner, omsynssoner og bandleggingssoner:
• Faresone ras- og skred, flaum, høgspent, anna fare
• Sikringssone nedslagsfelt drikkevatn, område for grunnvatnforsyning, støysone
• Omsynssone landskap, bevaring naturmiljø, bevaring kulturmiljø, randområder til nasjonalpark
• Bandleggingsområder etter lov om naturvern, etter lov om kulturminne
• Detaljeringssoner for planar som skal forsetta å gjelda framføre kommuneplanen sin arealdel, planar som skal gjelda med kommuneplanen går foran ved motstrid
Med grunnlag i ulike lag av restriksjonsområder, vil rådmannen trekka fram nokre av sonene for å syna utstrekninga av området.
Nasjonalt villreinområde
Nasjonalt villreinområde dekker store deler av kommunen sitt areal i høgfjellet. Som utgangspunkt er det etter Regional plan for Hardangervidda ikkje ynskje om å tillata utbygging innanføre dette området. Regional plan gjer dog ei opning for stølsområder i Eidfjord. Kommuneplanen sin arealdel føreslår regulering av stølsområder innanføre avgrensninga. Rådmannen meina reguleringa vil føra til ei bedre håndtering og avgrensing av eventuell bygging i stølsområder. Kommuneplanen sin arealdel føreslår også eit alpin- og langrennsområde innanføre nasjonalt villreinområde. I eit reguleringsplanarbeid vil det vera naudsynt å drøfta problemstillinga nærmare.

Figur 1: illustrasjon av avgrensinga til nasjonalt villreinområde.
Sikringssone nedslagsfelt drikkevatn (H110)

Figur 2: føresegna knytt til H110.
Eidfjordvatnet og Sysenvatnet er drikkevasskjelder i kommunen. Over kvart av magasina, samt ca. 100 m kring magasinet, er det lagt restriksjonar for nye tiltak som kan føra til forureining av drikkevatnet. Sona er lagt inn for å klausulera drikkevasskjelder i kommunen.
Område for grunnvannsforsyning (H120)

Figur 3: føresegna knytt til H120.
Etter Vann-Nett, Miljødirektoratet sin portal om vassførekomster i Norge, er det lagt inn ei omsynssone for grunnvatn i Øvre Eidfjord. Sona legg restriksjoner for nye tiltak som kan føra til forureining av vasskjelda. Sona er lagt inn for å klausulera drikkevasskjelder i kommunen.
Stølsområder
I kommuneplanen sin arealdel har ein valt å nytta ressurser på å regulera inn eksisterande stølsområder, i tråd med metodikk som gjeldande kommuneplan legg til grunn. Gjeldande kommuneplan har regulert inn nokre av stølsområdene. I forslaget til plan vel ein regulera inn samtlige stølsområder omtalt i tabellen frå gjeldande kommuneplan.
Stølsområda er i gjeldande plan regulert som LNFR spreidd fritidsbustad. Dette har me vidareført for resten av stølsområda. Ein har forsøkt ei edruelig avgrening av områda. For områder med aktsemdssoner for naturfare, vil det vera naudsynt å plassera bygg utanføre aktsemdssona eller gjennomføra ei kartlegging som syner reel naturfare i området.
Grunneigarlag/sameiga | Stølsområde | Feltkode |
Heimfjell grunneigarlag | Busete | LSF2 |
Tjødnane | LSF1 |
Erdalsstølen | LSF3 |
Vedal-Fivlingen grunneigarlag | Fivilingen | LSF4 |
Hæreidsvedal | LSF6 |
Lægreidsvedal | LSF5 |
Simadal sameiga | Isdalen | LSF19, LSF20, LSF21 |
Kleivane | LSF22 |
Smytte | LSF18 |
Skykkjedal | LSF23 |
Drølstøl-Skisete-Hadle grunneigarlag | Hjølmoset, Kalvanuten | LSF9, LSF10 |
Mjølrakkelia | LSF12 |
Jiaredalen | LSF11 |
Skisete | LSF17 |
Hadle (nord) | LSF16 |
Veigdalen grunneigarlag | Berastøl | LSF13, LSF14 |
Hadle (sør) | LSF15 |
Øyna | LSF7, LSF8 |
Søre Bjoreidalen grunneigarlag | Grjoto | LSF28 |
Særebakken | LSF30 |
Rinden, Nybu | LSF35 |
Bjoreidalen Nordre grunneigarlag | Gruvo | LSF29 |
Lars Lund-stølen | LSF31 |
Gjero | LSF27 |
Miklestølen | LSF32 |
Nuten | LSF33 |
Gamlestølen | LSF34 |
Bjoreidalshytta | LSF39 |
Fossane | LSF42 |
Granahytta | LSF40, LSF41 |
Skiftesjøen | LSF36, LSF37, LSF38 |
Krossdalen sameiga | Krossdalen | LSF26 |
Hansalia sameiga | Hansalia | LSF24, LSF25 |
Tabell 1: oversikt stølsområder med referanse til feltkode.
Regulering av kraftinstallasjonar
I samarbeid med Statkraft har ein gjennom arbeidet identifisert ulike kraftinstallasjonar i fjellet som ein har valt å regulera inn i kommuneplanen sin arealdel. Kvar kraftinstallajon er vurdert, og det er satt ei avgrensing i samsvar med Statkraft sine eigedommar eller det ein har sett som ei naturleg restriktiv avgrensing av området. Det er installasjoner knytt til drift av kraftverket; kraftstasjonar, demninger, driftshytter, lukehus ol. som er regulert inn. Elementene er etablert i samsvar med konsesjonen knytta til Eidfjord nord-anlegga. Det er valt å gjera dette grepet for å unngå dispensasjoner frå kommuneplanen ved trong for vedlikehald av anlegg, eller tiltak som har løyve etter anna lovverk. Rådmannen meina det er viktig å synleggjera arealbruken på desse tiltaka.
Kommunen har lagt denne praksisen til grunn for andre kraftverk i kommunen også; Tveitafoss kraftverk og Erdal minikraftverk
Installasjon | Område | Feltkode |
Kraftverk | Sima kraftverk | ABA47 |
Leiro kraftverk | ABA25 |
Storlia kraftverk | ABA42 |
Erdal minikraftverk | ABA30 |
Tveitafoss kraftverk | ABA24 |
Dammar | Tinnhølen | ABA21 |
Bjoreio sperredam | ABA43 |
Rembesdalen | ABA13 |
Rembesdalen damoverløp | ABA10 |
Austre Langavatn | ABA20 |
Vatn 1464 lausmasseterskel Vatn 1464 kanal | ABA33 ABA16 |
Inntak | Storlia | ABA44 |
Isdal | ABA29 |
Skytkjedalfossen | ABA26 |
Nordelvi inntak/utløp | ABA18 |
Nedre Demmevatn | ABA14 |
Åsåni | ABA17 |
Oneåni | ABA31 |
Skreåni | ABA22 |
Tveitafoss inntak | ABA23 |
Tverrslagstunnel, tunnelutløp | Isdal | ABA27 |
Holmavatn | ABA32 |
Sima kraftstasjon | ABA19 |
Teknisk bygg | Sysendammen lukehus | ABA34 |
Rembesdal 1 | ABA11 |
Rembesdal 2 | ABA12 |
Rembesdal 3 | ABA28 |
Rembesdal 4 | ABA9 |
Holmavatn nødbu | ABA15 |
Tabell 2: regulerte kraftverksinstallasjonar.
Status vedtekne reguleringsplanar
Ved rullering av kommuneplanen sin arealdel er det krav om at ein skal gjennomgå planbanken. Ein skal vurdera kva planer som skal gjelda vidare og gå foran kommuneplanen sin arealdel, kva planer som skal gjelda vidare men kommuneplanen skal styra ved motstrid og kva planer ein kan oppheva.
Ved oppheving av planar vil det i etterkant av kommuneplanen sin arealdel verta gjennomført ein eigen opphevingsprosess. Denne er tilsvarande prosess for å vedtaka ein reguleringsplan.
Tabell 3: reguleringsplanar som skal gjelde foran kommuneplanen sin arealdel ved motstrid (omsynssone 910_2).
PlanID | Plannamn | Type | Ikraft |
1998001 | Bebyggelsesplan for Maursæth Hardanger Fjellpark | Bebyggelsesplan | 08.06.1998 |
2004001 | Maursæth Fjellheim | Eldre reguleringsplan | 16.02.2004 |
2006001 | Reguleringsplan for Garen - 18/1 og 5 m.fl. | Eldre reguleringsplan | 04.03.2013 |
2006002 | Maurset Nord gnr. 17, bnr. 1 | Eldre reguleringsplan | 18.09.2006 |
2007004 | Holmane bustadfelt - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 25.06.2007 |
2007006 | Tverrlihaugen | Eldre reguleringsplan | 25.06.2007 |
2007008 | Fagerli (21/99) | Detaljregulering | 23.06.2015 |
2007011 | Kvednavegen - Sjobakkane - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 04.11.2009 |
2009002 | Tinnhølvegen med damområdet | Detaljregulering | 06.03.2017 |
2010001 | Høel hyttefelt | Detaljregulering | 20.06.2011 |
2010003 | Eidfjord hyttegrend | Detaljregulering | 26.03.2012 |
2014001 | Revisjon av detaljplan Maurset Fjellheim | Detaljregulering | 27.10.2014 |
2014003 | Områdeplan Stakseng | Områderegulering | 26.02.2016 |
2015001 | Tvennlii * | Detaljregulering | 11.05.2016 |
2018002 | Maursetparken, gnr. 17 bnr. 207 og 208 | Detaljregulering | 22.04.2024 |
2019004 | Detaljregulering for Garen - gnr/bnr 18/286 | Detaljregulering | 31.08.2020 |
2020001 | Reguleringsendring Blurnes | Detaljregulering | 04.03.2022 |
2020003 | Garen gbnr. 18/2 | Detaljregulering | 13.12.2021 |
*Tvennli (PlanID:2015001): Nordleg del, om lag 155 dekar, av reguleringsplanen vert avsett som framtidig idrettsanlegg. Reguleringsplanen vert difor berre gjeldande for areal som ligg innanfor detaljeringssone 910, jf. 13.1 |
Tabell 4: reguleringsplaner som skal fortsetta å gjelda, ved motstrid går kommuneplanen sin arealdel foran (omsynssone 910_1).
PlanID | Plannamn | Type | Ikraft |
12312007001 | Hardangerbrua med tilførselvegar | Eldre reguleringsplan | 18.05.2007 |
12312007002 | Hyttefelt Bu | Eldre reguleringsplan | 25.06.2007 |
1975001 | Garatun (Bjødnatun) | Eldre reguleringsplan | 31.10.1975 |
1979001 | Leiro | Eldre reguleringsplan | 25.07.1979 |
1980003 | Gryteskar - 21/5 | Eldre reguleringsplan | 24.11.1980 |
1982001 | Storli | Eldre reguleringsplan | 03.08.1982 |
1986001 | Bergslien-Blurnes - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 26.05.1986 |
1999001 | Halne | Eldre reguleringsplan | 10.03.1999 |
2003001 | Bjødnatun - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 19.08.2003 |
2004002 | Vik/Lægreid - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 19.04.2004 |
2004007 | Høgasteg - Brimnes Indre | Eldre reguleringsplan | 08.11.2004 |
2004010 | Hardangerbrua | Eldre reguleringsplan | 08.11.2004 |
2005004 | Myklatun Camping | Eldre reguleringsplan | 12.12.2005 |
2005011 | Garen | Eldre reguleringsplan | 11.04.2005 |
2007001 | Liset | Bebyggelsesplan | 21.05.2007 |
2007002 | Geithaugen | Eldre reguleringsplan | 05.11.2007 |
2008001 | Sæbø camping - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 10.03.2008 |
2008003 | Maurseth - Bruskorvet (Gang/Sykkelveg) | Eldre reguleringsplan | 08.09.2008 |
2008005 | Gang- og sykkelveg mellom Eidfjord og Eidfjordtunnelen | Detaljregulering | 08.02.2016 |
2010002 | Rv. 7/Rv. 13 Hardangerbru med tilførselsveger, strekninga Høgasteg - Bugjelet | Detaljregulering | 25.03.2011 |
2012001 | Områdeplan for Fossatromma-Vøringsfossen-Fossli | Områderegulering | 31.03.2014 |
2012003 | Bruskorve, Gnr./Bnr. 18/2 m.fl. | Detaljregulering | 23.06.2015 |
2013001 | Områdeplan Menes - Vik - Lægreid | Områderegulering | 27.06.2016 |
2013002 | Detaljplan Fet, gnr 19, bnr 1 og 2 m/fl | Detaljregulering | 25.04.2015 |
2013004 | Reguleringsendring på Solbakken 21/4 m.fl. | Detaljregulering | 23.06.2014 |
2013005 | Detaljregulering for Midtbø | Detaljregulering | 21.06.2016 |
2015002 | Detaljregulering for Eidfjord Resort | Detaljregulering | 01.02.2021 |
2019003 | Detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid | Detaljregulering | 22.06.2020 |
2022003 | Sysendalen reinseanlegg | Detaljregulering | 05.02.2024 |
Tabell 5: reguleringsplanar som skal opphevast.
PlanID | Plannamn | Type | Ikraft |
0 | Kommuneplan for Ullensvang 1992-2000 (Ytre Bu) | Kommuneplanen sin arealdel | 02.12.1991 |
1973001 | Hyttedisposisjonsplan Vivelid gnr/bnr 15/2 (Bergalia) | Bebyggelsesplan | 01.08.1973 |
1980005 | Bu | Eldre reguleringsplan | 10.07.1980 |
1988002 | Øvre Eidfjord | Eldre reguleringsplan | 18.03.1988 |
1994002 | Øvre Eidfjord - Reguleringsendring - Sentrum | Eldre reguleringsplan | 26.09.1994 |
1998002 | Sima - Reguleringsendring - Nord for FV103 | Eldre reguleringsplan | 18.03.1998 |
1987002 | Sima | Eldre reguleringsplan | 12.06.1987 |
1990005 | Hagaskarv | Eldre reguleringsplan | 05.10.1990 |
2001001 | Kvednavegen/Sjobakkane - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 13.02.2002 |
2001003 | Øvre Eidfjord - Reguleringsendring - Ny gangvegtrase | Eldre reguleringsplan | 21.05.2001 |
2002002 | Sima - Reguleringsendring - Utviding vassdrag, samt parkering. | Eldre reguleringsplan | 23.02.2002 |
2004003 | Liset | Eldre reguleringsplan | 03.05.2004 |
2007010 | Eidfjord marina - Reguleringsendring | Eldre reguleringsplan | 02.02.2009 |
2011001 | Kommuneplanen sin arealdel Eidfjord 2011-2022 | Kommuneplanen sin arealdel | 28.03.2011 |
2014002 | Kommunedelplan for Sysendalen | Kommunedelplan | 09.04.2019 |
2017002 | Mindre reguleringsendring av områdeplan Menes-Vik-Lægreid | Mindre reguleringsendring | 11.06.2018 |