Kulturminneplan for Eidfjord kommune 2020

Eidfjord er ein rik kulturminnekommune med forminner frå ulike periodar. Dette er ein viktig del av bygad identitet, og kryssar veg med kommunen sitt arbeid ofte. Det vert utarbeida ein kulturminneplan for å sikra god handtering av minna for framtida.

Hovudmålsetjinga med kulturminneplanen for Eidfjord kommune er å sikra forutsigbarheit og langsiktligheit i kulturminneforvaltinga samt å forenkla og effektivisera kommunen sitt arbeid i plan og byggesaker. Planen skal
fremje kunnskap om kulturminne og verdien dei har som del av vår kulturarv og
identitet.

Målsetjinga med arbeidet har vore å få ein god start, og få eit godt fundament å byggja vidare på og derfor er planen ein temaplan som i på eit seinare tidspunkt bør vurderast å vedtakast som ein kommunedelplan knytt til plan- og bygningslova.

Planenen er tematisk inndelt etter:

  • Del 1 : Innleiing som tek føre seg definisjonar og omgrep i kulturminnevernet, grunngjeving for kvifor kulturminne er verdifulle, støtteordningar og regionale og nasjonale vern og føringar
  • Del 2: Soga og Spora basert er basert på innspel som me har fått og utvalt tema frå gamal til nyare tid
  • Del 3: Utvalde kulturminne og kulturmiljø som hovudsakleg omhandla faste kulturminne
  • Del 4: Handlingsprogram- utvalde prioriteringar der ein spesifiserer kva som skal arbeidast vidare med, i tillegg er det lista opp andre oppgåver som er viktig å ha fokus på framover også knytt til rullering av kulturminneplanen
  • Del 5: Innheld kjelder, lister over faste kulturminne og kulturmiljøa i planen.

Faste kulturminner og kulturmiljø er teikna inn i kartgrunnlag. I arbeidet med Eidfjord kommune sin kulturminneplan er det definert fem kulturmiljø innanfor KULA-området. Tre av desse vil vere særlege fokusområde for kommunen sitt arbeid med kulturminne. Dette arbeidet er omfattande og vil krevje både økonomiske og menneskelege ressursar frå fleire instansar. Derfor har me på langsiktig perspektiv på arbeidet med dei ulike områda. Kulturminne på Hæreid har me gjort eit omfattande arbeid saman med grunneigarar, administrasjon og Vestland Fylkeskommune. Dette arbeidet er kontinuerleg for å hindre attgroing og forringing av kulturminne. Dei to andre hovudprioriterte områda; Kulturmiljø Vik-Lægreid med restaurering av steinmurane og Kulturmiljø Varberg må det utarbeidast eigne skjøtselsplanar og omsøkje eksterne midlar til dette arbeidet. 

Kulturminneplan for Eidfjord kommune (PDF, 19 MB)