Åtvaring - fargleg is på regulerte vatn og vassdrag

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi As

Farleg is på regulerte vatn og vassdrag

Isen kan vera utrygg på vatn som er regulert av Statkraft Energi AS, Hardanger. Spesielt gjeld dette rundt inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling og ved nedtapping av magasin, kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land vil sprekka. Desse sprekkene er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.

Viser til NVE's iskart.no der du finn meir opplysningar om ulike områder.

Vel trygg rute, respekter skilting og inngjerding

Områder med spesielt stor risiko blir inngjerda og merka. Statkraft markerer òg trygge ruteval med merkestikker. Dette vil vera områder med fare for svak is eller hulrom under snø som skuldast temperert vatn eller sterke straumar i vassdraget. Sjå gjerne iskart.no for meir informasjon

Me ber om at merka ruter vert følgt og vis respekt for inngjerding og skilting. Forholda kan endre seg raskt, så meld gjerne frå om usikre forhold.

Me ynskjer alle ein god, lokal og trygg tur!

Kontaktinfo

Ønskjer du ytterlegare informasjon, kan du ta kontakt med Statkraft:

  • Kraftverksgruppe Hardanger v/Kristin Lindvik, tlf. 476 32 160 eller
  • Tyssedal/Mauranger – Jan Lauritsen, tlf. 468 05 167
  • Eidfjord/Bjølvo – Jan Tore Kvale, tlf. 413 12 503
  • Statkraft Energi AS, Hardanger, 5783 Eidfjord, tlf. 53 67 30 40