Biblioteket har fått nytt biblioteksystem Me har fått nytt biblioteksystem, no kan du sjølv gå inn og sjå dine utlån og finna bøker. Publisert 22.09.2025 15.05 Sist endra 22.09.2025 15.12 No vert det lettare for deg som lånar å gå inn på eigen utlån, fornya bøker og finna nye bøker du ynskjer å lesa. Du kan gå inn på Bibliofil både via nettet og i ein eigen app. Det er sjølvsagt framleis mogeleg å nytta biblioteket som før utan å ta i bruk Bibliofil-appen.Om appenBibliofil-appen kan installerast på mobiltelefonar og nettbrett med Android og iOS. Appen gjer det lett å finne fram til biblioteket sine tenester. Du har full tilgang til søk, reservering og lånarsider. Appen gir også mogelegheit til å vise lånekortet på skjermen, slik at du slepp å ha med det fysiske lånekortet ditt til biblioteket. Lånekortet i appen kan brukast på mange sjølvbeteningsautomatar, i skranken og på innloggingspanel for Fri meirope bibliotek, så sant skannarane er klargjorte for lesing på skjerm. Last ned og start appen, vel bibliotek og logg inn på vanleg måte med lånenummer og PIN-kode frå ditt bibliotek. Du kan enkelt skifte mellom bibliotek, og appen gir tilgang til alle bibliotek som brukar Bibliofil.