Brannvernveka 2025 – nasjonal brannøvingDei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. Publisert 17.09.2025 07.44 Sist endra 17.09.2025 07.44 For å gjere det enklare å vere førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no, der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon. – Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen.