Datakurs

Me startar opp med lågterskel datahjelp frå 16. september 2025.

Påmelding

Påmelding til Therese på telefon (sms) 41 86 69 66
eller mail: therese.jensen@ulvik.kommune.no
Me treng namn, alder og telefonnummer. Kurset er for alle som ynskjer, uansett alder.

Påmeldingsfrist innan tysdag 9. september. 

Når?

Kurset vil gå kvar tysdag (unnteke 2 tysdagar) til og med 12. november. Siste gong vert ein onsdag.

Når påmeldingane er klare set me opp klokkeslett for kurset, og me vil sjå om me må ha ei eller to grupper kvar gong. Kurset vert halde på dagtid på Sentrumstunet. Me held på i ca. 2 timar kvar kursdag/gruppe, med pause og kaffi.

Tema for kurset

Mykje kan gjerast på telefonen i dag, om du har ein smarttelefon, og mykje må gjerast på Internett. Dette vil me hjelpa deg med å få oversikt over.

Me skal innom fylgjande tema:

  • Kartlegging av kunnskap
  • Nettvett/-svindel
  • Vert kjend med din smarttelefon
  • E-post (mail)
  • Google
  • Viktige appar: Nettbank, Vipps, Helse Norge, Nav osv.
  • Nyttige appar: Skyss, Vy, Hardanger energi, parkering, BIR (avfall) osv.
  • Sosiale medium: Facebook, Messenger, SnapChat osv.

Alt dette kan gjerast på smarttelefon, men kurset er også for deg som vil nytta nettbrett eller laptop.