Drift av badstova «Kråkebu» på Kråkeskarvet i Eidfjord

Eidfjord kommune ynskjer å skaffe oversikt om det er andre som har interesse av å
drifte badstova på Kråkeskarvet. Enten heile året, eller i sommarsesongen

Badstova vart bygd i 2024, og opna mai 2025. Etter ca. 1 års drift opplever kommunen at interessa for bruk er større enn kva som var forventa, og det mellom anna er kome ynskje om å kunne booke tid.

I badstova er det:

  • Elektrisk badstove ovn, mrk. Helo SKLE 501, 15 kW
  • Ovnen vert styrt av eit touchpanel, og som står på i 1,5 time før den slår seg automatisk av.
  • Badstova er i dag tilgjengeleg for bruk frå 05:00 – 22:00 kvar dag
  • Det er tilrettelagt for å hente vatn både på sommar og vinterstid
  • Plass til 7 personar

Me ynskjer å høyra frå deg som er interessert i å drive ei slik badstove.

Badstova ligg ca. 1 kilometer utanfor sjølve Eidfjord sentrum. Den ligg på offentleg
badeplass, Kråkeskarvet. Kårkeskarvet er tilrettelagt med stupebrett, grillplass og
opent toalettanlegg på sommarstid.

Me ynskjer å høyra frå deg på kva type:

  • Driftsmodell du ser for deg å drifte etter
  • Reinhaldsplan for badstova
  • Periode for drift, opningstid

Når me har fått interessenter vil me ta kontakt med kvar enkelt og legge opp til ei synfaring.

Frist for å melde inn interesse vert satt til: 31.03.2025. Send e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no 
Merk med saksnr 24/1501