Farvarsel: Nedbør, jord, sørpe- og flomskredfare

Oppmoding frå Statens vegvesen om å unngå ferdsel langs veg onsdag kveld.
All informasjon om uværet er samla her. Varsom.no har oppjustert fare for jord- sørpe- og flomskredfare til oransje nivå - faregrad 3.  Medan det er raudt farevarsel for flakskred og laussnøskred i høgfjellet.

Hjølmovegen stengt

Hjølmovegen fekk og hard medfart under dei siste daganes nedbør. Vegen vert stengt fram til fredags ettermiddag, 7.3.25  Reprasjonsarbeid startar opp fredag morgon.

Hjølmovegen 6.3.25
06.03.2025 15.10

Oppmoding frå Statens vegvesen om å unngå ferdsel langs veg i kveld

På vegnettet har konsekvensane av uvêret forverra seg sterkt ut over ettermiddagen og kvelden. Det er veldig mange vegar som no er stengt på grunn av skred og flaum. Det vert og vurdert stenging av fleire strekningar. Vegvesenet har no sendt ut ei pressemelding med ei sterk oppmoding til publikum om ikkje å ta seg ut på vegen i kveld.

 Pressemeldinga kan lesast via denne lenka: Uvêret på Vestlandet: Vurder om du må køyre! | Statens vegvesen

05.03.2025 20.32

Lisetvegen - bilar kan passere

Lisetvegen er midlertidig fiksa, og vart køyrbar ca. kl 17:15 onsdag 5. mars. Dekket er no kun pukk og vegen er i dårleg stand. Eidfjord kommune håpar vegen vil halda seg til nedbørsmengdene gir seg. Ytterligare arbeid på vegen må skje når det vert betre vèr.

05.03.2025 17.12

Kvamsvegen open for trafikk

Kjegler er satt opp på enkelte plassar med litt redusert framkommeligheit. Arbeid på vegen vil fortsetta i morgo, torsdag 6. mars

05.03.2025 14.47

Pressemelding frå Eidfjord kommune

Det er fortsatt venta mykje regn i Eidfjord, men sluttidspunktet for farevarselet er endra av Meteorologisk institutt til midnatt natt til torsdag. 
Iløpet av morgonkvisten onsdag 5. mars vart det meldt inn skader på tre kommunale vegar:

  • Lisetvegen – nedbøren gjort store skader på vegbanen, som førte til stengt veg. Det er forventa at det kan sleppast bilar forbi, ca. kl 16:00 onsdag 5. mars. 
    Oppdatering kl 16:15: 
    Ufordrande tilhøve med å få vegen kjørbar gjer at Lisetvegen ikkje vart opna som ynskt. På noverande tidspunkt er det vanskeleg å sei når den kan opna. Ny vurdering vert gjort ca. 17:30
    Oppdatering kl 17:20:
    Bilar kan passere. Lisetvegen er midlertidig fiksa, og vart køyrbar ca. kl 17:15 onsdag 5. mars. Dekket er no kun pukk og vegen er i dårleg stand. Eidfjord kommune håpar vegen vil halda seg til nedbørsmengdene gir seg. Ytterligare arbeid på vegen må skje når det vert betre vèr. 
  • Isdalsvegen – nedbøren gjort skader på vegen, som førte til begrensa framkommelegheit. Skadene vart retta opp, og normal framkommelegheit på vegen frå kl 12:00 onsdag 5. mars
  • Kvamsvegen – nedbøren hadde og her gjort skade på vegen, som førte til stengt veg. Vegen er forventa opna til kl 15:00 onsdag 5. mars.


Dei råka innbyggjarane og hytteeigarane har vorte varsla av Eidfjord kommune på sms undervegs.

Eidfjord kommune ber alle framleis halda seg oppdaterte, og passa på at bekkar og kummar på og rundt eigendomane sine er mest mogleg frie, slik at vatnet kan renna fritt der det skal.

Faren for jord- og sørpeskred er stor, og Eidfjord kommune ber alle vera varsame.

Driftavdelinga vår er ute for å overvåka kommunalt vegnett og eigedomar.
Det er ikkje meldt om prevantive stengte riks- eller fylkesvegar i Eidfjord kommune, men vegar kan verta stengt på kort varsel. 
Hald deg oppdatert på 175.no eller vegvesenet.no på trafikkmeldingar. 

05.03.2025 13.28

Isdalsvegen - normal framkommeligheit frå kl 12:00

Isdalsvegen har moderate skader, arbeidet er snart ferdigstilt og forventa ferdig til 12:00

05.03.2025 11.28

Kvamsvegen stengt

Oppdatert informasjon: Forventa at vegen er opna til kl 15:00

Kvamsvegen er stengt frå mellom nr 17 og 22 og oppover. Kommunen arbeider med å gjera tiltak på vegen for å kunne opne vegen igjen..

05.03.2025 09.33

Isdalsvegen har begrensa framkommeligheit

Regnet har gjort skade på Isdalsvegen, og det er begrensa framkommeligheit frå Fosslikrysset og opp Isdalsvegen. Det er folk og maskiner/traktorer på staden for å få oversikt og gjera tiltak.

05.03.2025 07.13

Lisetvegen stengt

Oppdatering kl 16:15: 
Ufordrande tilhøve med å få vegen kjørbar gjer at Lisetvegen ikkje vart opna som ynskt. På noverande tidspunkt er det vanskeleg å sei når den kan opna. Ny vurdering vert gjort ca. 17:30

Oppdatert informasjon kl 11:30:
Forventa opning av Lisetvegen er kl 16:00

Lisetvegen er stengt grunna nedbøren i natt. Det vert jobba med å få oversikt over omfanget.

 

 

 

05.03.2025 06.39

Pressemelding frå Statens Vegvesen

Les pressemelding frå Statens Vegvesen, publisert 4. mars 2025 kl 13:59
Flaum- og skredfare gir  utfordringar på vegane på Vestlandet

04.03.2025 15.28

Melding frå Statsforvaltaren

NVE og MET har sendt ut fleire farevarsel for Vestland gjeldande frå i dag/morgon:

  • Varsel om moglegheit for ekstremt mykje regn på oransje nivå
  • Varsel om jord-, sørpe-, og flaumskredfare på oransje nivå
  • Varsel om flaumfare på raudt og oransje for store deler av fylket (resterande område har gult varsel)
  • I tillegg er det tidlegare varsla stor snøskredfare
04.03.2025 13.57

Fleire skredhendingar er venta

Konsekvens:

Fleire skredhendingar er venta. Frakommeligheit på veg kan verta redusert.

Råd:

  • Hald deg oppdatert om vær, skred - og flomsituasjonen. Varsom.no og yr.no 
  • Sjekk køyreforholda på vegen om du må ut å køyra Vegvesen.no 
  • Hald deg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring
  • Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, boss, kvist og løv.

Kilde: varsom.no

Lokalt i Eidfjord

  • Drift gjer førebyggande tiltak på kommunale eigedomar og vegar
  • Kommunen har tett kontakt med vegmynde ang. forhold på vegane i kommunen
  • Kommune held seg oppdatert på alle meldingar som kjem frå Meteorolgisk institutt og NVE
04.03.2025 13.52

Stor snøskredfare frå mandag 3. mars

Snødskredvarslinga viser at det frå mandag 3. mars er stor snøskredfare i Hardanger. Faregrad 4. 

Tørre flakskred vil løysna av seg sjølv grunna store mengder nysnø og vind. Unngå skredterreng. Sidan det er mindre snø under 800moh vil truleg skreda bremsa og ikkje nå like langt som når skredløpa er fulle av snø.

Varsel for Hardanger
Nivå: 4 - stor snøskredfare
Gyldig frå: 03.03.2025 00:00

03.03.2025 13.49