Fyrverkeri

Nyttårsaftan nærmar seg, og me minner om fyrverkerireglane. 
Bruk av fyrverkeri er berre tillate på nyttårsaftan mellom kl. 18.00 og 02.00

Fyrverkerireglane 

  1. Førebu fyrverkeriavfyringa i god tid og finn ein eigna stad til avfyring 
  2. Les bruksanvisinga nøye før bruk
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta
  5. Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme
  6. Bruk vernebriller
  7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og koma deg på trygg avstand
  8. Fyrverkeriet bør ikkje tennast på nytt dersom fyrste forsøk feila
  9. Hald god avstand frå oppskytinga
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
  11. Avbrent fyrverkeri må lagrast utandørs i god avstand til brennbart materiale til godt utpå dagen etter. Deretter skal avbrent fyrverkeri kastast i dunk for restavfall
  12. Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal leverast attende til forhandlar