Bakgrunn for prosjektet
Skatteetaten, Kartverket og Statistisk sentralbyrå arbeider med ein ny verdsetjingsmodell for fritidsbustadar. Modellen bidreg til auka treffsikkerheit og likebehandling i formuesbeskatninga.
Eidfjord kommune, som lokal matrikkelmyndigheit, har ansvaret for å oppdatera matrikkelen. I samband med fritidsbustadprosjektet har kommunen motteke ei prioriteringsliste frå Kartverket for kvalitetsheving av fritidsbustadar.
Prioriteringsliste for arbeidet
- Oppfølging av status for fritidsbustadar som har igangsetjingsløyve eldre enn tre år, men som ikkje er ferdigstilte i matrikkelen.
- Oppdatering av brukseining frå kode U (unummerert) til F (fritidsbustad), utan endring av bygningstype.
- Fritidsbustadar som ikkje er registrerte som fritidsbustadar.
- Fritidsbustadar der bustaden er knytt til feil eigedom.
Kunngjering og varsling
Matrikkelforskrifta § 10 handlar om retting, endring eller tillegg av opplysningar i matrikkelen m.m. For den delen av kvalitetshevingsarbeidet som blir rekna som registertekniske forhold, og som skjer likt for mange fritidsbustadar, har kommunen høve til å varsle om matrikkelføring gjennom kunngjering på heimesida. I tillegg kan det oppstå tilfelle der det er mest hensiktsmessig å varsla partar direkte.
Eigenregistrering
Målet med fritidsbustadprosjektet er at eigarar sjølve skal kunna oppdatera opplysningar i eigedomsregisteret. Kommunen rettar matrikkelen for å leggja til rette for eigenregistrering i året som kjem. Opplysningar som eigaren sjølv skal registrera er til dømes bruksareal, energikjelde, oppvarming, vatn, avløp og byggeår.
Les meir om prosjektet på Kartverket sine sider
For å finna opplysningar om din fritidsbustad kan du gå inn på SeEiendom.
Kontaktinformasjon
Spørsmål kan rettast til postmottak@eidfjord.kommune.no eller på telefon 53 67 35 00.