Invitasjon til forskingsprosjekt

Vil du delta i eit forskingsprosjekt om dialekta i Eidfjord?

Krav til deltaking

  • Du må vera oppvaksen og ha budd i Eidfjord kommune mesteparten av livet.
  • Minst éin av foreldra dine må òg vera oppvaksen og ha budd i Eidfjord kommune mesteparten av livet.

Gjennomføring

Deltakinga inneber ein samtale på om lag 30 minutt. Eg ynskjer å intervjua fire menn og fire kvinner i aldersgruppene 31–60 år og 61–90 år. Dersom det melder seg fleire enn fire personar i kvar aldersgruppe, vert det loddtrekking om deltaking.

Kontakt

Send SMS til 478 01 622 eller e-post til havard.sebo@student.uib.no for å melde interesse.
Med helsing Håvard Sæbø