Kurs i emosjonsfokusert ferdigheitstrening

Kurs i emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST) hausten 2025

Kursinnhald og tilbod

Synest du, som alle foreldre, at foreldrerolla nokre gongar kan vera tøff? Har du lyst til å verta meir medviten om kjensler i foreldrerolla di? 

Familieterapeutane i Hardanger barnevern held med jamne mellomrom kurs i emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST).

Kursdetaljer

Kurset går over seks gonger der kvar kursdag startar kl. 17.00 og varer til kl. 19.00. Dei som ynskjer det kan få tilbod om rettleiing i etterkant av dei seks kurskveldane.  

Hva er EFST?

Kurset høver seg for alle foreldre som ynskjer å verta tryggare i si rolle som forelder/omsorgsgjevar. På kurset får du rettleiing om korleis du betre kan møte barnet ditt og barnet sine behov.

Ferdigheiter du vil læra

På dette kurset får du ei innføring i fire sentrale ferdigheiter for kjenslebevisste foreldre. Ferdigheitene tek utgangspunkt i metoden Emotion Focused Skills Training for Parents (EFST), som er ein anerkjend metode for å handtera kjensler i foreldrerolla. Desse ferdigheitane er: 

  • empatisk validering
  • grensesetting
  • reparasjon
  • handtering av eigne kjensler 

Kurset er opplevingsbasert, med ei blanding av teori, øvingar og eigenarbeid. Det krev deltaking, og vilje til å kunna utforska eigne kjensler i møte med barnet ditt, då me veit at det gjer aller best utbyte.

Utfordingar i foreldrerollen

I foreldrerolla opplever me alle situasjonar i møte med barn der du ikkje veit kva du skal gjera. Foreldrerolla kan vera krevjande, og ingen foreldre er perfekte. Dei fleste foreldre har likevel det til felles at dei er programmerte til å yta omsorg og beskytta borna sine. 

Nokre gonger kan det likevel oppstå hindringar som gjer dette vanskeleg, og der me som foreldre kan kjenna på maktesløysa. Då kan me òg risikera å opptre på måtar som skapar vonde kjensler både i barnet og i den vaksne.
Målet med metoden er å støtta foreldre og omsorgspersonar til å ta på seg rollane som aktive agentar i forhold til å reparera og hjelpa barn til å handtera både gode og vonde kjensler.  

Kontaktinformasjon for påmelding

Nærare opplysning om datoar for kurskveldar, og påmeldingsfrist kjem ved skule /barnehage start

Er du interessert i å delta på kurs?
Ta kontakt med : 

Kontakt

Åsne Kjerland
50 % Flyktningkoordinator, 50 % Barnekoordinator
E-post
Mobil 91 99 58 58

Åsne har kontor i 3 etg på kommunehuset,
inngang ved Nav, så inn i gangen til høgre

Marie Tveit
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 53 67 35 50
Mobil 90 53 63 21