Kva gjer du om du ser rev med skabb?

Ein rev som har skabb får etter kvart eit karakteristisk håravfall. Håret fell som regel av halen først og deretter gradvis under buken opp mot hovudet.

Når ein rev vert smitta av skabb, søkjer han gjerne mot meir tettbebygde strøk som fylgje av at han i mindre grad greier å jakta/finna mat ute i naturen. Den naturlege skyheita til reven vert også gradvis redusert i takt med at sjukdomen utviklar seg.

Observasjonar i Eidfjord

Om du er på Hardangervidda og får auga på ein fjellrev eller raudrev som ser sjuk ut, ta kontakt med SNO Skinnarbu. Ta gjerne film eller bilete av reven. 

Kontaktinformasjon

Statens naturoppsyn Skinnarbu:
Harald Normann Andersen - mobil 903 60 055
Sveinung Hylland Olsnes - mobil 908 53 840

Opplys så nøyaktig som mogeleg om kvar reven er, om det er fjellrev eller raudrev og kva skadar det er på reven. 

Det er vanskeleg å finna ein sjuk rev, så det aller beste er om du kan bli verande på staden og observere reven til viltnemnda/kommunen kjem.