Leiga av torgplass sesong 2026Retningslinjer for torghandel på «torgplassen» – sesongen 2026 Publisert 18.12.2025 15.49 Sist endra 18.12.2025 16.00 Eidfjord kommune opnar for torghandel på den «torgplassen», slik denne er definert i eige kartvedlegg. For sesongen 2026 vil det gjelda særskilde vilkår og avgrensingar for drift og aktivitet på området. Torgområde oversiktKommunen vil ikkje etablera eller tilby infrastruktur knytt til vatn, straum, sanitære anlegg eller tilsvarande for torghandelen i 2026. Det er difor berre høve til utsal frå mobile salgsbord /vogner som ikkje er avhengige av slik infrastruktur for drift.Leiga av torgplass (Torgreglar)Søknad om torgplassSøknad kan sendast elektronisk eller til postmottak@eidfjord.kommune.no Merk søknaden 25/2406 Frist for innsending av søknad er sett til 15.februar 2026.Om det er spørsmål til søknaden så kan de kontakte Arne Bu : arne.bu@eidfjord.kommune.no