LivOGLyst – lokalsamfunnsutvikling i VestlandVil du vera med og skapa eit levande, attraktivt og inkluderanda lokalsamfunn? Publisert 09.09.2025 09.19 Sist endra 09.09.2025 09.19 LivOGLystLivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkja trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gjev både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale tiltak.Opptak hausten 2025Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?Eit LivOGLyst-prosjekt blir drive av innbyggjarar i lokalsamfunnet. Dette kan vera eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Målet er å samla folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser for å skape noko positivt saman. Informasjonsmøte 24. septemberVil du vita meir? Bli gjerne med på digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 24. september.Du finn meir informasjon på denne nettsida LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland