Menn i helse 2026 – Ny retning i livet?Er du ein omsorgsfull mann mellom 19–55 år som ønskjer jobb i helsesektoren? Publisert 05.01.2026 11.04 Sist endra 05.01.2026 12.15 Gjennom “Menn i helse” får du komprimert utdanning fram mot fagbrev som helsefagarbeidar – med stor sjanse for fast jobb!Over 90 % av deltakarane er i jobb etter fagbrevTiltaket gjev store samfunnsgevinstarInformsjonsmøte Bergen 26. januarLinkarSjekk ut heimesida Menn i helsePåmelding til informasjonsmøteBakgrunn“Menn i helse” er eit komprimert utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. Målgruppa er arbeidssøkjande menn mellom 19–55+ år. Deltakarane får tittelen helserekrutt. “Menn i helse” er finansiert over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett og inngår i Kompetanseløft 2025 og Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstenesta.Regjeringa ser på “Menn i helse” som ei av dei mest vellukka satsingane for å rekruttera fleire menn til helse- og omsorgstenestene.Satsinga er tverrsektoriell, der både rekruttering til helsesektoren, auka mangfald og tilbakeføring til arbeidslivet er viktige samfunnsgevinstar. KS driv prosjektet på oppdrag frå Helsedirektoratet. Øvrige aktørar er kommunar, Nav og fylkeskommunar.SpørsmålTa kontakt med din Nav-rettleiar for meir informasjon om oppstart kull 2026.Fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl når du på telefon 977 48 055 om du har spørsmål.