Momskompensasjon til frivillige organisasjonarNo kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon Publisert 30.05.2025 08.04 Sist endra 30.05.2025 08.04 Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon tilfrivillige organisasjonar i 2025.FormålFormålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere forkostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer ogtenester.FrivilligregisteretOrganisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig delav verksemda for å søke.SøknadsfristSøknadsfristen er 1. september 2025.To modellar for søknadDet kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiskemeirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennomsentralledd.Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund,Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralleddahar eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.Les meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.