Nasjonal folkehelseundersøkingDen 16. oktober inviterer Folkehelseinstituttet (FHI) 100 000 utvalde personar over 18 år i heile Noreg til å delta i “Den nasjonale folkehelseundersøkelsen”. Publisert 14.10.2025 14.29 Sist endra 14.10.2025 14.29 Invitasjonen vert sendt ut på SMS. Dei utvalde personane er tilfeldig trekt ut frå Folkeregisteret. Dei inviterte er spreidd i alder og geografisk tilhøyring. “Den nasjonale folkehelseundersøkelen” består av eit digitalt spørjeskjema som tek omtrent 20 minutt å svara på. Spørjeskjemaet er tilgjengeleg på fleire språk. Målet er å få betre kunnskap om innbyggjarane si helse og levevanar, noko som er viktig for å betra folkehelsearbeidet og helsetenester i landet.Den nasjonale folkehelseundersøkelsen