No kan du røykja mat i Bergsliskorane

No kan du røykja mat i Bergsliskorane

Innbyggjarar i Eidfjord kan røykja sin eigen mat på tradisjonellt vis i Bergsliskorane.  

Eldhuset/mosstova i Bergsliskorane er no sett i stand til røyking av mat. Ynskjer du å låna huset for røyking må du bestilla tid i resepsjonen på kommunehuset, nøkkel til huset må også hentast her. Sidan forhalda for røykinga er væravhengig oppmodar me om sambruk dersom det er fleire som har behov for samme tida. 

Retningsliner:  

  • All bruk av eldhuset skjer på eige ansvar 
  • Brukar må sjølv syta for ved, spon, einer, krokar til oppheng med meir
  • Etter bruk skal alt personleg utstyr fjernast og lokalet skal ryddast 
  • Dersom det er fleire som ynskjer å røykja samstundes skal ein freista å få til sambruk
  • Eventuelle skader eller manglar skal rapporterast inn til kommunen 
  • Dersom det bur folk i Bergsliskorane skal bruk av eldhuset sjenera så lite som mogeleg 

Brannsløkkingsapparat: 

  • Brannsløkkingsapparat er plassert inn i luka på langsida av Atelieret 

Eldhuset i Bergsliskorane Bergljot Maria Veivåg Hauso

Kontakt

Sentralbord
Sentralbord
E-post
Telefon 53 67 35 00
Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023