Omgangssjuke og store arrangementDet er vanleg om sommaren at det kan blussa opp med nokre tilfelle av omgangssjuke i befolkninga. Når dette skjer samtidig med større arrangement, vert det fort vanskeleg å handtera. Publisert 19.06.2025 17.09 Sist endra 20.06.2025 01.33 Difor nokre råd til alle, før Eidfjord cup og Landskappleik:Alle må passa på å vaska hendene etter toalettbesøk og før matHar du fått akutt oppkast og diaré - ikkje delta i sosiale arrangement med andre!Det må gå 48 timar etter siste symptom før du kan reknast som smittefri.Dei som har omgangssjuke i familien, må vera nøye med handvask med såpe og vatn. Prøv å halda litt avstand til andre folk når du deltek i arrangement, men du som nærkontakt er ikkje pålagt karantene.Lukke til, alle deltakarar og frivillige! Helsing kommuneoverlegen Her er Folkehelseinstituttet sine råd:Råd ved utbrudd av gastroenteritt