Opningstider på kommunehuset i sommarOpningstidene på kommunehuset i sommar er som fylgjer: Publisert 08.07.2025 13.26 Sist endra 08.07.2025 14.24 Opningstider på tenestetorg og sentralbord i veke 27-31:Kl. 10.00-14.00Det er ferieavvikling for sakshandsamarane våre, og møter må difor avtalast på førehand. Dette for å sikra at du ikkje kjem heilt hit utan at det er nokon her som kan hjelpe deg med di sak. Me ynskjer også at du seier nokre ord om kva du treng hjelp med, slik at me kan førebu oss og gje deg best mogeleg hjelp. Legekontoret har vanlege opnings- og telefontider i sommar.Dei har ferieavvikling i veke 28-32, noko som innebærer redusert bemanning i resepsjonen desse vekene. Opningstider på biblioteket i veke 28-32:Måndag kl. 12.00-16.00Onsdag stengdFredag kl. 10.00-14.00 NAV held stengt fram til hausten.For økonomisk sosialhjelp eller gjeldsrådgjeving, ring NAV Voss: 417 04 897For andre tenester eller førespurnadar, ta kontakt med tenestetorg/sentralbord