Overnatting Landskappleiken i Eidfjord 2025Har du eit rom til overs? Landskappleiken treng hjelp frå eidfjordingar til å skaffe nok senger å sova i under kappleiken! Publisert 23.10.2024 20.47 Sist endra 23.10.2024 20.50 Landskappleiken kjem til Eidfjord 25 - 29. juni 2025.Årleg samlast omlag 1000 aktive spelarar, songarar og dansarar i slutten av juni og tevlar i folkemusikk og folkedans. Det er omlag 5000 tilreisande som kjem til Landskappleiken kvar år. Det er FolkOrg - organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangementet, men som kvart år har ein lokal arrangør. I 2025 er det Hardanger Spelemannslag sin tur att.Alle husrom av interesseFrå onsdag 25. til sundag 30. juni 2025 vil Eidfjord soleis vera vertskap for Landskappleiken, og no treng dei di hjelp til å husa alle gjestane som kjem til bygda. Dei treng alle senger Eidfjord kan by på, inkludert dei som vanlegvis ikkje vert leigd ut. Dette er ei flott moglegheit til å leige ut huset ditt, kjellarstova, eit rom i huset, hytta eller liknande. Alt er av interesse.BetalingHardanger spelemannslag vil formidla kontakt mellom gjester og fastbuande som vil leiga ut. Leigeforholdet, avtalar og betaling for overnatting skjer direkte mellom utleigar og leigetakar. Landskappleiken sitt forslag til prising av ulike overnattingstilbod:Heilt hus/hytte, 5-10 personar - 20.000,- (onsdag til sundag)Heilt hus/hytte, 2-5 personar - 10.000,- (onsdag til sundag)Kjellarleiligheit - 8000,- (onsdag til sundag)Rom i eit hus - 4000,- (onsdag til sundag)KontaktpersonTa kontakt med Jenny Johnsen på tlf 900 68 187 eller jenny@landskappleiken.no for å melda interesse eller for eventuelle spørsmål. Meir informasjon finn du på: www.landskappleiken.no