Alle over 65 år, eller som har ein sjukdom eller tilstand som gjev høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er anbefalt å ta pneumokokkvaksine kvart 6.år.
Publisert 05.09.2024 15.12
Sist endra 05.09.2024 18.11
Pneumokokkvaksinar
Pneumokokk er ein bakterie som kan gje lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men kan og gje eit alvorlegare sjukdomsforløp, som blodforgiftning eller hjernehinnebetennelse.
Er du usikker om du er vaksinert? Sjekk vaksinestatusen din på Helsenorge.no
Ta kontakt med legekontoret i Eidfjord om du ynskjer vaksine.