Prosjekt X

Ny samhandlingsmodell i Voss lokalsjukehusområde er eitt av 14 nasjonale prosjekt i Helsereformsatsinga til regjeringa.

Kva er Prosjekt X?

Regjeringa varsla i 2025 at dei arbeidar med ei helsereform som skal gje betre samanheng i helse- og omsorgstenestene. Ein del av reformarbeidet skal byggja på erfaringar frå utprøvingsarbeid mellom kommunar og sjukehus, der tenestene prøver ut nye måtar å samarbeida på. Desse utprøvingane vert kalla Prosjekt X.

Les meir om Prosjekt X hjå regjeringa

Hjå oss er Prosjekt X eit samhandlingsprosjekt mellom:

  • Vaksdal kommune
  • Eidfjord kommune
  • Kvam herad
  • Ulvik herad
  • Voss herad
  • Voss DPS NKS Bjørkeli
  • Helse Bergen / Voss sjukehus

Mål for prosjektet

Prosjektet skal utvikla ein ny og meir framtidsretta samhandlingsmodell mellom kommunane og spesialisthelsetenesta i Voss lokalsjukehusområde. Målet er å sikra eit betre, meir heilskapleg og berekraftig helsetenestetilbod for innbyggjarane.

Arbeidet har særleg fokus på:

  • Føde- og barseltilbodet
  • Eldre med skrøpelegheit

Eit tettare samarbeid mellom tenestene skal bidra til raskare avklaringar, enklare samhandling og tryggare overgangar for pasientar mellom kommune og sjukehus. Prosjektet er òg ein del av kunnskapsgrunnlaget til Helsereformutvalet, som vurderer framtidig organisering av norsk helseteneste.

Medverknad frå tilsette og brukarrepresentantar

Prosjektet vert utvikla i tett dialog med både tilsette, brukar- og pårøranderepresentantar frå heile lokalsjukehusområdet. Dette sikrar at erfaringar, behov for forslag frå praksisfeltet og brukarane vert integrerte i løysingane som vert utvikla.

Framdrift

  • Prosjektrapport med tilrådingar skal vera ferdig innan 19. juni 2026
  • Utprøving og pilotering er planlagt gjennom hausten 2026

Kontakt prosjektleiarar

  • Liv Jorunn Solstad, Voss herad 
    E‑post: liv.j.solstad@voss.herad.no
    Telefon: 415 00 856
  • Gunn Iren Hovda Engvold, Helse Bergen / Voss sjukehus
    E‑post: gunn.iren.hovda.engvold@helse-bergen.no
    Telefon: 416 94 311