Rein Hardangerfjord

Rein Hardangerfjord er eit femårig prosjekt for å rydda Hardangerfjorden for plast på avveie. Aksjonen er verdas største ryddeaksjon for plast. I år vert aksjonsdagen 19.09.2025, men det vil verta tilrettelagt for at det er mogleg å rydde og levere avfall heile veka.

Eidfjord kommune har hanskar og sekkar liggande frå tidlegare aksjonar. Dersom nokon ynskjer å samle søppel i naturen utanom aksjonsveka er det mogleg å hente utstyr på kommunehuset. Dersom du ikkje har moglegheit å få levert avfallet på mottakstasjonen sjølv kan du setje det i nærleiken av ein veg, og gje beskjed til kommunen.  Då vil nokon frå kommunen komme å plukke det opp. 

Kommunane rundt Hardangerfjorden, fleire havbruksselskap, ei rekke forskingsinstitusjonar (Marfo, Norce, UiB), organisasjonar og offentlege institusjonar deltar. Både handelens miljøfond og Fiskedirektoratet er store deltakande institusjonar.  

Opprett eigen ryddeaksjon

Ynskjer du å samle ein gjeng og opprette ein eigen ryddeaksjon så kan du gjera det her: https://ryddenorge.no/aksjon/opprett

Ynskjer du å vera med på ein aksjon så kan du leite etter aksjonar i ditt nærområde i fylgjande kart: https://ryddenorge.no/aksjoner

Kontakt

Ivar Ulgenes
Rådgjevar natur, miljø og landbruk
E-post
Mobil 94 19 22 27