Ta eit tak for Rein Hardangerfjord 2025

Rein Hardangerfjord er eit femårig prosjekt for å rydda Hardangerfjorden for plast og avfall på avveie. Aksjonen er verdas største ryddeaksjon for plast. I år vert aksjonsdagen 18.09.2025, men det vil verta tilrettelagt for at det er mogleg å rydde og levere avfall heile veke 38.

Delta i ryddinga

Me oppfordra lokalbefolkning, organisasjoner og bedriftar til å ta eit tak for ein reinare Hardangerfjord. Me oppfordra til rydding av områder langs sjø og elv i aksjonsveka. Eidfjord kommune har hanskar og sekkar til uttdeling i resepsjonen på kommunehuset for dei som ynskjer å delta. 

Avfall frå sjø og vassdrag kan leverast i eigen kontainer, ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon. Dersom du ikkje har moglegheit å få levert avfallet på mottakstasjonen sjølv kan du setje det i nærleiken av ein veg, og gje beskjed til kommunen.  Då vil kommunen sørge for plukke det opp. 

Me oppfordra til å halda naturen rein året runt, dersom nokon ynskjer å samle søppel i naturen utanom aksjonsveka er det mogleg å hente utstyr på kommunehuset gjennom året. 

Opprett eigen ryddeaksjon

Ynskjer du å samle ein gjeng og opprette ein eigen ryddeaksjon så kan du gjera det denne lenkja. Ynskjer du å vera med på ein aksjon så kan du leite etter aksjonar i ditt nærområde kartet

Kommunane rundt Hardangerfjorden, fleire havbruksselskap, ei rekke forskingsinstitusjonar (Marfo, Norce, UiB), organisasjonar og offentlege institusjonar deltar. Både handelens miljøfond og Fiskedirektoratet er store deltakande institusjonar.  

Aksjonsdagen 18. september - delta i dugnaden!

Eidfjord kommune stiller med ei ryddegruppa som skal i retning Simadal og nordsida av fjorden. Dersom lokalbefolkning ynskjer å delta saman med kommunen sine tilsette i ryddinga, kan de møta kl. 12 i resepsjonen på Eidfjord kommunehus. Ryddinga vil føregå mellom kl. 12-15. Husk klær etter vær, og gjerna klær som tåler litt skit. 

Kontakt

Ivar Ulgenes
Rådgjevar natur, miljø og landbruk
E-post
Mobil 94 19 22 27