Returpunkt for avfall i sentrum

Eidfjord kommune etablerte i 2022 nedgravde avfallsdunkar i sentrum. Og har sidan den gang merka stor endring i kva type avfall som vert kasta her. 

Dunkane er berekna til smått avfall og turistavfall. Ikkje til bruk av private eller næringsvirksomheiter.
Alle private skal ha eige abonnement hjå BIR Voss Hardanger. Opplever du at spannet ditt er for lite, kan både abonnement og størrelse på spann endrast ved å ta kontakt med BIR Voss Hardanger.

Alle som driv ein form for næring er lovpålagt å kildesortere og er sjølv ansvarleg for at eit avfallsselskap henter avfallet. Næringsavfall kan endrast eller bestillast hyppigare tømming på, ved å ta kontakt med renovasjonsselskapet.

Me oppmodar alle om å nytta eigne dunkar til privat og næringsavfall, og ikkje fylle opp kommunale dunkar og spann som er tenkt til smått avfall/besøkande.