Båt skal rydda i fjorden etter flaumen.
      
        
          Publisert 05.11.2024 14.51
          
            Sist endra 11.11.2024 18.00
           
         
       
     Det har i samband med dei siste flaumhendingane kome mykje avfall i fjorden og langs strendene. Eidfjord kommune har fått tak i arbeidsbåt som skal gjera ein innsats på å ta avfallet som er størst og mest skjemmande. 
Båten skal vera her inne på fredag denne veka. Dette vil nok ikkje vera nok til å rydda på langt nær alt som er kome. Det er nok behov for ytterlegare rydding i tida framover.