Sæbø skule er stengt for aktivitet Sæbø skule er stengt for aktivitet grunna oppussing. Det skal monterast nye vindauger, tak, dører og elektrisk anlegg. Arbeidet vil skje etappevis utover hausten, og dei er no nesten ferdig med vindaugene. Sæbø skule vil difor vera stengt fram til nyttår, mogeleg lenger. Det vil verta sendt ut ny melding når huset er klart for bruk.