Sesongkort på SkiGeilo for eidfjordingar

Ski Geilo har kome med tilbod til alle eidfjordingar med gode prisar på årskort for familiar sesongen 25/26.

Tilbodet

Tilbodet gjeld kun familiar busett i Eidfjord kommune. Barn i barne- og ungdomsskulealder må vera innskrivne på skule i kommunen.

Skipass

Familiepassa vert kjøpt enkelt på skigeilo.no, og kan hentast ut i eit av SkiGeilo sine skipass-utsal, eller med ein QR-kode i ein av pick up boksaane deira.

Prisar

Familiepakke 2 vaksne med barn

Familiepakke 2 vaksne med barn
PakkePris
Familie med 2 voksne + 1 barn 0-17 år8495
Familie med 2 voksne + 2 barn 0-17 år8495
Familie med 2 voksne + 3 barn 0-17 år8495
Familie med 2 voksne + 4 barn 0-17 år8495

Familiepakke 1 vaksen med barn

Familiepakke 1 vaksen med barn
PakkePris
Familie med 1 voksne + 1 barn 0-17 år6745
Familie med 1 voksne + 2 barn 0-17 år6745
Familie med 1 voksne + 3 barn 0-17 år6745

Sesongkortfordelar på Geilo 25/26

  • Leig toppski i kategorien "Lidenskapelig" og test fleire modellar utan ekstra kostnad (ved ledig kapasitet).
  • 10% på leiga av skiskap ved Geiloheisen.
  • 10% på alle varer i Skishop.
  • Lei ski i SkiGeilo Skiutleie for kr 99,-. For deg og ein venn, gjeld kun på søndagar og i "Nybegynner" og "Entusiastisk" kategorien.
  • 10% på skiservice i Vestlia, Havsdalen og Slaatta.
  • 2-for-1 på privattimar hjå SkiGeilo Skiskole for vaksne (18+), ta med ein ekstra deltakar utan ekstra kostnad!
  • 10% rabatt på privat skiskule hjå Geilo Skiskole, måndag - torsdag i heile januar og mars.
  • 50% rabatt på weekendski for barn (6-15 år), gjeld 2 dagar - 80 minutt.
  • 50% på dagskort i Hallingskarvet Skisenter.
  • 5 dagar gratis skipass i Andorra
  • 5 dagar gratis skipass i Laax, Sveits