Spørjeundersøking om hyttebygging i Sysendalen

På oppdra frå Eidfjord kommune gjennomfører Asplan Viak ein berekraftsanalyse i samband med vurdering av vidare hytteutvikling i Sysendalen.

Me kartlegg både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft, og ønskjer å kartleggja tankar og meiningar om hytteutviklinga. Det er viktig for oss å forstå tankane og meiningane til innbyggjarane og hyttefolket, og me set veldig pris på at du tek deg tid til å svara.

Send innspela dine til Eidfjord kommune via denne undersøkinga. Spørjeundersøkinga tek cirka to minutt å gjennomføra. Det er anonymt å delta.

Hytteutvikling i Sysendalen. Kva synest du?