Ta godt i mot bøsseberarane

Årets TV-aksjon er 19. oktober, ta vel i mot bøsseberarane som kjem på døra til alle innbyggjarane i Eidfjord.

I år går pengane frå årets TV-aksjon til Atlas-alliansen. 

Gjennom årets TV-aksjon skal Atlas-alliansen opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og moglegheita til eit betre liv.  Menneske med funksjonsnedsetjingar er verdas største minoritet. Likevel blir rettane deira ofte gløymde, og mange opplever å bli diskriminerte og utestengde, både i kriser og i kvardagsliv.

Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og vil gi funksjonshemma i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda eit betre liv.  Pengane som blir samla inn, skal gå til å betre levekåra for funksjonshemma og sikre likeverdig tilgang til hjelpemiddel, skulegang, arbeid, helsetenester og naudhjelp for 200 000 menneske, fortel Marit Sørheim, dagleg leiar i Atlas-alliansen.

16 prosent av verdas befolkning har ein funksjonsnedsetjing, og heile 80 prosent av dei bur i låg- og mellominntektsland. I krig og kriser er dessutan funksjonshemma ekstra utsette, og naudhjelp kjem i liten grad fram til denne gruppa. I tillegg aukar talet på menneske med ein funksjonsnedsetjing dramatisk i konfliktsituasjonar. Bomber og skot som fell, bygningar som rasar og prekær mangel på mat og vatn fører til alvorlege skadar.

Langsiktig utvikling og humanitær innsats heng tett saman. Verda over kjempar difor funksjonshemma sjølve for sine rettar og for å kunne leve gode liv i sine samfunn, seier Sørheim.

TV-aksjonen 2025 vil bidra til at menneskerettane til personar med funksjonsnedsetjingar blir respekterte og at funksjonshemma sjølve skal bestemme over eigen utvikling.

Kva er Atlas-alliansen?

Stiftinga Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for funksjonshemma. Det er Norges Blindeforbund, Funksjonshemma sitt Fellesorganisasjon, Norsk Forbund for Utviklingshemma, Norges Handikapforbund, Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen, Mental Helse Ungdom, Norges Døveforbund og Stiftinga Signo.

Atlas-alliansen blei stifta i 1981 og har tidlegare hatt TV-aksjonen i 1981, 1992 og 2002. Dei jobbar for å fremje rettane og betre levekåra for funksjonshemma i det globale sør. Atlas-alliansens organisasjonar bruker eigne erfaringar og kompetanse i samarbeid med partnerar i sør i det internasjonale bistandsarbeidet.

Gi ei gåve

Vipps: 2133 (Gi 350 kr eller valfritt beløp)
SMS: TVA til 2133 (350 kr)
Kontonummer: 8380 08 09005